Lenke til Stortingets hovedside  

Dok.nr.8:57 (1996-1997)
Framlegg frå stortingsrepresentantane Eli Sollied Øveraas og Terje Riis-Johansen om å innføra reglar om forkjøpsrett m.m. for det offentlege til gamle lausøyregjenstandar (lause kulturminne) i privat eige.


DATO: 1997-03-05

SIDETALL: 1


       Til Stortinget.

INNHOLD

Bakgrunn

Framlegg


Bakgrunn

       Oppdaginga og auksjonssalet av to stavkyrkjeportalar frå Tuddal i Telemark seinhaustes 1996 har aktualisert behovet for eit betre vern også av lausøyregjenstandar frå mellomalderen og tidlegare, som er i privat eige. Auksjonssalet i Tuddal er berre eitt døme av mange på at lausøyregjenstandar som er svært attraktive for samlarar står i fare for å verta selde ut av det historiske miljøet der dei høyrer heime og der dei har best sjanse til å få eit vern til beste for ålmenta. I Tuddal førde ein lokal aksjon til at stavkyrkjeportalane vart berga og innkjøpt til det lokale museet, men det er naturleg at det offentlege tek eit større ansvar for vernet.

       Vedtakinga av fornminnelevningslova frå 1905 og den seinare lova om kulturminne gjev sterkt vern av lausøyregjenstandar som ikkje var funne eller i privat eige før 1905. Gjenstandar som var i privat eige før 1905 fell utanfor mange av vernereglane i lov om kulturminner.

       Betre vern kan gjevast gjennom utvida fredingsheimel. Det er likevel vanskeleg å handheva, og eit betre alternativ kan vera offentleg forkjøpsrett som tilkjem staten, fylka, kommunane og museum o.l. med offentleg støtte. Heimel til forkjøpsrett kan eventuelt kombinerast med ein oreigningsheimel i unntakstilfelle, for ytterlegare vern av spesielle nasjonale klenodium i påtrengande tilfelle. Lovheimel kan gjevast i lov om kulturminner.

       I kulturminneåret 1997 er det på sin plass å fastsetja eit betre lovvern også for lause gjenstandar, slik at ikkje freda bygningar vert ståande som tomme « skal » utan opprinneleg innhald. Det er rimeleg å nytta same tidsinndeling som elles i kulturminnevernet, med reformasjonen som overgangstidspunktet, men det bør tyda at også nyare gjenstandar i særlege tilfelle bør få tilsvarande vern, jf. definisjonen av lause kulturminne i § 12 i lov om kulturminner.

Framlegg

       På denne bakgrunn fremjar ein følgjande

framlegg:

       Stortinget ber Regjeringa leggja fram regelverk som sikrar at gamle lausøyregjenstandar (lause kulturminne) i privat eige kan sikrast varig vern gjennom rett for det offentlege til overtaking.

5. mars 1997.

Sist oppdatert 24. august 2004 av Stortingets administrasjon