|
DATO: 1997-05-06
SIDETALL: 1
Til Stortinget.
24. juni 1994 avga ei arbeidsgruppe, leia av underdirektør Magnhild Bjørseth i Fiskeridepartementet ein rapport om « Utredning om søk etter omkomne på havet ». 24. april 1996 vart det i spørretimen etterlyst oppfylgjing av denne rapporten.
Det kom fram av svaret frå statsråd Grete Faremo at rapporten var til vurdering og at departementet hadde hatt kontakt og samarbeid med andre departement og organisasjonar i denne saka.
Det er forståeleg at der er mange vanskelege og tunge tilhøve å forhalda seg til i saker som gjeld søk etter omkomne på havet, men det må likevel vera rett og rimeleg at einskilde sider ved denne saka får ei avklaring.
Når det skjer forlis og all von om å finna overlevande er ute, er det ofte slik at dei pårørande kjenner seg forplikta til å leita vidare og prøva å finna sine kjære. Mange låner pengar med tryggleik i hus og heim og leiger selskap til å utføra søk. Slik kan tragedien faktisk verta enno større dersom resultatet vert negativt. Dette gjer dei fordi dei ikkje har nokon som kan ta børa frå dei og vurdera om det er forsvarleg å gjennomføra etterredningsaksjon ut frå økonomiske og/eller tekniske føresetnader.
Selskap som har utført søk etter omkomne har diverre ikkje alltid hatt utstyr til å gjennomføra eit godt nok søk. Dei pårørande må stola på desse selskapa si rådgjeving og det har diverre hendt at selskap har oppfordra dei pårørande til å halda fram med søk med von om å finna den omkomne. I visse tilfelle kan det verka som kynisk utnytting av menneske som er i naud.
Ut frå det som er nemnt ovanfor meiner forslagsstillarane at det bør oppnemnast eit utval av fagpersonell som kan vurdera problemstillingar ved søk etter omkomne på havet. Slik kan dei pårørande verta avlasta frå å ta avgjerd i ei slik sak. Dette utvalet må aktiviserast ved forlis og søk. Utvalet bør så snøgt som mogleg verta knytt opp mot den aktuelle hovudredningssentralen. Utvalet undersøkjer og vurderer om det er teknisk/økonomisk og etisk forsvarleg å tilrå ein etterredningsaksjon.
Det vert sett fram fylgjande
Stortinget ber Regjeringa oppnemna eit
permanent fagutval som skal ha som oppgåve å vurdera alle problemstillingar
vedrørande søk etter omkomne på havet og i den samanheng gje råd til dei
etterlatte.