Lenke til Stortingets hovedside  

Dok.nr.8:95 (1996-1997)
Forslag fra stortingsrepresentantene Magnhild Meltveit Kleppa og Unn Aarrestad om forbod mot omsetjing av rusbrus i pulverform.


DATO: 1997-05-22

SIDETALL: 1

       Til Stortinget.

INNHOLD

Bakgrunn

Forslag


Bakgrunn

       I samband med handsaminga av endringar i alkohollova uttalte stortingsfleirtalet, Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og medlemmet Ansgar Gabrielsen frå Høgre:

       « Det er uheldig med nye typer drikker som er med på å utvide markedet for alkohol. Dette er med på å øke totalforbruket av alkohol, i stedet for å redusere det, slik målsettingen er. »

       Ifølge avisa Vårt Land 22. mai 1997 er eit pulver som tilsett vatn og sukker gir rusbrus, planlagt for sal i dagligvareforretningane. Det er uklårt om alkohollova gir heimel for forbod eller aldersgrense i forhold til eit slikt produkt.

       Forslagsstillarane meiner fri omsetjing av slik vare er i strid med intensjonen i alkohollova og vedteken alkoholpolitikk.

       Stortinget har nyleg vedteke skjerpingar i lova for å avgrensa omsetjinga av alkohol. Etter forslagsstillarane sitt syn er ei naturleg oppfylgjing av desse vedtaka å forby omsetjing av ruspulver.

Forslag

       På denne bakgrunn vert det fremja fylgjande

forslag:

       Stortinget ber Regjeringa leggja fram forslag til endring i alkohollova som forbyr omsetjing av såkalla rusbrus i pulverform.

22. mai 1997.

Sist oppdatert 24. august 2004 av Stortingets administrasjon