Lenke til Stortingets hovedside  

Dok.nr.8:96 (1996-1997)
Framlegg frå stortingsrepresentantane Anne Enger Lahnstein, Marit Arnstad, John Dale, Kjell Magne Bondevik og Erik Solheim om å innhenta ei uavhengig juridisk vurdering av dei konstitusjonelle spørsmåla knytte til Schengen-avtalen.


DATO: 1997-05-22

SIDETALL: 1


       Til Stortinget.

INNHOLD

Bakgrunn

Framlegg


Bakgrunn

       Frå ulike juridiske hald er det reist tvil om konstitusjonelle sider ved Schengen-avtalen. Etter opne høyringar i utanrikskomiteen om suverenitetsspørsmåla er det framleis uklårt korleis den framforhandla samarbeidsavtalen stiller seg i høve til Grunnlova.

       I brev til utanrikskomiteen 21. mai 1997 har statsråd Gerd-Liv Valla vedgått at utanrikskomiteen fekk feil informasjon frå Justisdepartementet i eit konstitusjonelt spørsmål under høyringa 9. mai 1997. I brev til Senterpartiets stortingsgruppe har Regjeringa avslått å gje Stortinget innsyn i utgreiing om desse spørsmåla som er utarbeidd av lovavdelinga i Justisdepartementet.

       Dei juridiske ekspertane som var innkalla til høyring gav uttrykk for at drøftinga av dei konstitusjonelle sidene ved Schengen-avtalen ikkje var god nok i St.prp.nr.42 (1996-1997) og viste til at legitimiteten til Stortinget sitt vedtak ville verta styrka gjennom ei grundigare utgreiing enn det som er gjort frå Regjeringa si side. Det vart også etterlyst ei drøfting av den type avtalekonstruksjon som Schengen-samarbeidsavtalen utgjer, og « den konstitusjonelle glideskalaen » det kan skapa i høve til Grunnlova.

       På denne bakgrunnen vil det ikkje vera forsvarleg at Stortinget gjer vedtak om eventuelt samtykke til ratifikasjon av samarbeidsavtalen, før det ligg føre ei betre utgreiing av desse spørsmåla.

Framlegg

       På denne bakgrunnen vert det sett fram fylgjande:

framlegg:

       Stortinget ber Stortingets presidentskap innhenta ei juridisk vurdering, utført av uavhengig ekspertise, av alle konstitusjonelle sider ved norsk tiltrede til samarbeidsavtalen med Schengen-landa, før Stortinget gjer vedtak i saka.

22. mai 1997.

Sist oppdatert 24. august 2004 av Stortingets administrasjon