Lenke til Stortingets hovedside  

Dok.nr.8:91 (1997-1998)
Forslag frå stortingsrepresentantane Sylvia Brustad og Astrid Marie Nistad om lov om endring i lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen (Bruk av skule og kombinerte anlegg for skule og andre føremål).


DATO: 1998-03-16

SIDETALL: 1

INNHOLD

Bakgrunn

Forslag


Til Odelstinget.

Bakgrunn

       Bakgrunnen for endringsforslaget er at det i mange bygder ute i distrikta har vorte bygt fleire kombinerte skule- og samfunnshus dei seinaste åra. Bygg som vert nytta sjølvsagt til mange samkomer i bygdene m.a. bryllaup og større dagar for enkeltpersonar.

       Lov om grunnskolen er slik forma at det ikkje kan serverast alkohol i desse bygga, sjølv ikkje i bryllaup. I § 10 fjerde ledd, heiter det: « På skolar og i kombinerte anlegg for skole og andre føremål, må det ikkje serverast alkohol eller takast med alkohol til nyting ». I føreskriftene er dette forsterka slik at det er umogeleg å finne fornuftige og balanserte løysingar.

       Lov om grunnskolen vart utforma lenge før denne sambruksmodellen var vanleg rundt om i bygde-Noreg. For mange av desse bygga har bygdefolket lagt ned store eigeninnbetalingar og arbeidsinnsats. Lova opnar i dag for at skuleanlegga bør brukast til kulturelle og sosiale føremål utanom skuletida. Lovteksten bør difor endrast i tråd med dagens kombinasjonsløysingar for samlingsplass for bygdefolk.

Forslag

       Underteikna fremjar difor følgjande

forslag:

Vedtak til lov
om endring i lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen.

I.

       I lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen vert gjort følgjande endring:

§ 10 fjerde ledd skal lyde:

       På skolar og i kombinerte anlegg for skole og andre føremål må det ikkje kunne serverast alkohol eller takast med alkohol til nyting under arrangement i offentleg som privat regi, med unnatak når desse anlegga vert nytta som anvist i pkt. 4.

II.

       Lova vert å setje i verk straks.

16. mars 1998.

Sist oppdatert 24. august 2004 av Stortingets administrasjon