Lenke til Stortingets hovedside  

Dok.nr.8:27 (1998-1999)
Forslag frå stortingsrepresentantane Lars Gunnar Lie, Jørgen Holte og Terje Johansen om midlertidig å gjeninnføre ordninga med frakttilskot over statsbudsjettet frå 1. februar 1999 og fram til og med 30. juni 1999.

[pdf-format]

DATO: 1999-01-20

SIDETALL: 1


       Til Stortinget.

INNHOLD

Bakgrunn

Forslag


Bakgrunn

       Regjeringa la i St.prp.nr.1 (1998-1999) Arbeids- og administrasjonsdepartementet fram forslag om avvikling av ordninga med pristilskot for drivstoff over statsbudsjettet med verknad frå 1. januar 1999. Regjeringa foreslo å erstatte denne ordninga med ei sjølvfinansierande fraktutjamningsordning. Nødvendige lovendringar vart fremma i Ot.prp.nr.22 (1998-1999) .

       Innstillinga frå finanskomiteen ( Innst.O.nr.26 (1998-1999)) syner at det ikkje er fleirtal for å innføre Regjeringa sitt forslag frå 1. januar 1999. Handsaminga av statsbudsjettet for 1999 viser at det heller ikkje vart lagt inn nødvendige løyvingar for å vidareføre ordninga med pristilskot for drivstoff, inntil ny ordning blir iverksett.

       Forslagsstillarane ser det som uheldig at ein no står utan nokon ordning for å sikre prisutjamning på drivstoff. I ein overgangsperiode inntil Regjeringa får lagt fram nytt forslag og eventuelt ny ordning er på plass, går forslagsstillarane inn for å gjeninnføre ordninga med frakttilskot over statsbudsjettet frå 1. februar 1999 og fram til og med 30. juni 1999.

Forslag

       På denne bakgrunn vil forslagsstillarane leggje fram følgjande

forslag:

I.

       Ordninga med frakttilskot over statsbudsjettet for bensin og autodiesel som vart oppheva frå 1. januar 1999, blir gjeninnført frå 1. februar 1999 og fram til og med 30. juni 1999.

II.

       På statsbudsjettet for 1999 vert gjort følgjande endring:

Kap. 1560 Pristilskudd
   70  Til regulering av forbrukerprisene,
        vert auka med kr 47.500.000
   frå kr  48.238  000 til kr  95.738  000


20. januar 1999.

Sist oppdatert 24. august 2004 av Stortingets administrasjon