Lenke til Stortingets hovedside  

B.innst.S.nr.1 (1993-1994)
Innstilling fra finanskomiteen om:


oversikt første forrige neste

E. Om avgifter o.a. til folketrygda for 1994

I.

       For året 1994 skal folketrygdavgiftene svarast etter følgjande satsar:

Til 1:

Trygdeavgift

       Komiteen sluttar seg til forslaget frå Regjeringa.

Til 2:

Arbeidsgivaravgift

Til første ledd a):

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemmene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse, sluttar seg til forslaget frå Regjeringa.

       Komitémedlemmene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse tek opp følgjande forslag:

       « Når arbeidstakaren i inntektsåret 1994 har sin arbeidskommune i Finnmark fylke eller i kommunane Karlsøy, Kvænangen, Kåfjord, Lyngen, Nordreisa, Skjervøy og Storfjord i Troms fylke (sone V): 0,0 %

       Same satsen skal nyttast for arbeidsgiveravgift av inntekt som vert skattlagd etter lov av 15. juli 1925 om skatt til Svalbard på formue og inntekt. »

Til første ledd b):

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemmene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Framstegspartiet, Venstre og Raud Valallianse, sluttar seg til forslaget frå Regjeringa.

Komitémedlemmene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse tek opp følgjande forslag:

       « Når arbeidstakaren i inntektsåret 1994 har sin arbeidskommune i ein kommune i Troms fylke som ikkje er blant dei nemnde i a første ledd, eller i ein kommune i Nordland fylke, eller i kommunane Flatanger, Fosnes, Grong, Høylandet, Leka, Lierne, Namsos, Namdalseid, Namsskogan, Nærøy, Overhalla, Røyrvik og Vikna i Nord-Trøndelag fylke (sone IV): 5,3 % »

       Komitémedlemmet frå Framstegspartiet tek opp følgjande forslag:

       « Når arbeidstakaren i 1994 er skattepliktig som nemnd i a første ledd til ein kommune i Troms fylke som ikkje er blant dei nemnde i a første ledd, eller til ein kommune i Nordland fylke, eller til kommunane Flatanger, Fosnes, Grong, Høylandet, Leka, Lierne, Namsos, Namdalseid, Namsskogan, Nærøy, Overhalla, Røyrvik og Vikna i Nord-Trøndelag fylke (sone IV): 1,3 % »

       Komitémedlemmet frå Venstre tek opp følgjande forslag:

       « Når arbeidstakaren i 1994 er skattepliktig som nemnd i a første ledd til ein kommune i Troms fylke som ikkje er blant dei nemnde i a første ledd, eller til ein kommune i Nordland fylke, eller til kommunane Flatanger, Fosnes, Grong, Høylandet, Leka, Lierne, Namsos, Namdalseid, Namsskogan, Nærøy, Overhalla, Røyrvik og Vikna i Nord-Trøndelag fylke (sone IV): 4 % »

Til første ledd c:

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemmene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Framstegspartiet, Venstre og Raud Valallianse, sluttar seg til forslaget frå Regjeringa.

       Komitémedlemmene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse tek opp følgjande forslag:

       « Når arbeidstakaren i inntektsåret 1994 har sin arbeidskommune i ein kommune som går inn under § 1 nr. 2 i forskrifter om avgrensing av det geografiske verkeområdet for dei distriktspolitiske verkemidla, fastsett ved kgl.res. av 23. oktober 1992, med unntak av kommune som nemnd under a og b ovanfor (sone III): 6,6 % »

       Komitémedlemmet frå Framstegspartiet tek opp følgjande forslag:

       « Når arbeidstakaren i 1994 er skattepliktig som nemnd i a første ledd til ein kommune som går inn under § 1 nr. 2 i forskrifter om avgrensing av det geografiske verkeområdet for dei distriktspolitiske verkemidla, fastsett ved kgl.res. av 15. november 1991, med unntak av kommune som nemnd under a og b ovanfor (sone III): 2,6 % »

       Komitémedlemmet frå Venstre tek opp følgjande forslag:

       « Når arbeidstakaren i 1994 er skattepliktig som nemnd i a første ledd til ein kommune som går inn under § 1 nr. 2 i forskrifter om avgrensing av det geografiske verkeområdet for dei distriktspolitiske verkemidla, fastsett ved kgl.res. av 23. oktober 1992, med unntak av kommune som nemnd under a og b ovanfor (sone III): 5 % »

Til første ledd d:

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemmene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Framstegspartiet, Venstre og Raud Valallianse, sluttar seg til forslaget frå Regjeringa.

       Komitémedlemmene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse tek opp følgjande forslag:

       « Når arbeidstakaren i inntektsåret 1994 har sin arbeidskommune i ein kommune som er peika ut av Kommunaldepartementet i særskilt vedtak eller som går inn under § 1 nr. 3 i kgl.res. av 23. oktober 1992 (sone II): 10,8 % »

       Komitémedlemmet frå Framstegspartiet tek opp følgjande forslag:

       « Når arbeidstakaren i 1994 er skattepliktig som nemnd i a første ledd til ein kommune som er peika ut av Kommunaldepartementet i særskilt vedtak eller som går inn under § 1 nr. 3 i kgl.res. av 15. november 1991 (sone II): 6,8 % »

       Komitémedlemmet frå Venstre tek opp følgjande forslag:

       « Når arbeidstakaren i inntektsåret 1994 er skattepliktig som nemnd i a første ledd til ein kommune som er peika ut av Kommunaldepartementet i særskilt vedtak eller som går inn under § 1 nr. 3 i kgl.res. av 23. oktober 1992 (sone II): 8,5 % »

Til første ledd e:

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemmene frå Framstegspartiet og Venstre, sluttar seg til forslaget frå Regjeringa.

       Komitémedlemmet frå Framstegspartiet tek opp følgjande forslag:

       « Elles (sone I) skal satsen vera 10,3 %

       Denne satsen skal leggjast til grunn for arbeidsgivaravgift fastsett i kongeleg resolusjon med heimel nedanfor i II, og arbeidsgivaravgift for statsforvaltninga etter reglane i folketrygdlova § 17-4 tredje ledd. »

       Komitémedlemmet frå Venstre tek opp følgjande forslag:

       « Elles (sone I) skal satsen vera 10 %

       Denne satsen skal leggjast til grunn for arbeidsgivaravgift fastsett i kongeleg resolusjon med heimel nedanfor i II, og arbeidsgivaravgift for statsforvaltninga etter reglane i folketrygdlova § 17-4 tredje ledd. »

Første ledd ny bokstav f:

       Komitémedlemmene frå Senterpartiet tek opp følgjande forslag:

       « Frå 1. juli 1994 skal satsane under b-e vere 2 prosenteiningar lågare for arbeidstakar til og med den måned han eller ho fyller 25 år. »

       Komitémedlemmene frå Sosialistisk Venstreparti tek opp følgjande forslag:

       « Arbeidsgjevaravgifta for ungdom under 25 år reduseres etter følgjande mønster:

- For alder 22-24 år: 2 %

- Under 22 år: 4 % »

       Komitémedlemmene frå Kristeleg Folkeparti tek opp følgjande forslag:

       « Frå 1. mai 1994 skal satsane under b-e vere 3 prosenteiningar lågare for arbeidstakar til og med den måned han eller ho fyller 25 år. »

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemmene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, går imot forslaga om lågare avgiftssatsar for yngre arbeidstakarar.

Til annet ledd:

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemmene frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre, sluttar seg til forslaget frå Regjeringa.

       Komitémedlemmene frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre tek opp følgjande forslag:

       « Annet ledd oppheves. »

Nytt tredje ledd:

       Komitémedlemmene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstre parti og Raud Valallianse tek opp følgjande forslag til nytt tredje ledd:

       « Departementet kan i forskrift fastsetje nærare reglar for kva som vil vere arbeidskommunen. »

Til 3

Tilskot frå kommunane og fylkeskommunane som nemnd i folketrygdlova § 16-4 første ledd

       Komiteen sluttar seg til forslaget frå Regjeringa.

Til II:

       Komiteen sluttar seg til forslaget frå Regjeringa.



oversikt første neste


Sist oppdatert 7. nov 2005 av Stortingets administrasjon