|
Sammendrag
I 1994 blei den samla omsetninga i totalisatorspelet på 1.475 mill. kroner. Dette var ein auke i omsetninga på om lag 30 mill. kroner frå året før. Pr. veke 30 i 1995 har ein hatt ein auke i omsetninga på 7 % i høve til same periode i 1994.
Under handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett for 1994 reduserte Stortinget på grunn av dei store økonomiske problem hestesporten slit med, totalisatoravgifta for V6 og Dagens Dobbel-spel frå 3,5 % til 1 %. Dette førte til ein reduksjon i avgifta på 6 mill. kroner for 1994. Stortinget la til grunn at dette var ein særskilt reduksjon for året 1994.
Prognosene for 1996 tilseier ein
moderat auke i omsetninga. Med uendra avgiftssats på 3,5 % av omsetninga,
er budsjettert inntekt for 1996 den same som for 1995, kr 53.500.000.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.