|
Det vert i proposisjonen synt til at dei overordna måla for svalbardpolitikken til Regjeringa er ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten, korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd, vern av ro og stabilitet i området, vern av den særeigne villmarksnaturen og oppretthalding av norske samfunn på øygruppa.
Artikkel 8 Svalbardtraktaten set grenser for retten til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og på bruken av desse midlane. Dette er bakgrunnen for at det er oppretta eit eige svalbardbudsjett. Inntektssida i budsjettet omfattar, forutan skattar og avgifter frå Svalbard, også eit tilskot frå statsbudsjettet. Forslaget til svalbardbudsjett for 1996 inneber i hovudsak ei vidareføring av dei delane av statsadministrasjonen på Svalbard som blir finansierte over svalbardbudsjettet. Budsjettramma er på 76,8 mill. kroner. Dette inneber ein auke på 4 % i forhold til 1995. Tilskotet over statsbudsjettet er auka med ca 1 mill. kroner (1,7 %), og inntektene frå Svalbard er auka med ca 2 mill. kroner (12 %) i forhold til 1995.
Inntektssida i svalbardbudsjettet består i hovudsak av tilskot frå statsbudsjettet. I forslaget for 1996 utgjer dette tilskotet til saman 76,3 % av inntektene, mot 76,8 % i 1995.
Budsjettet dekkjer også miljøtiltak. Ei styrking av miljøvernforvaltinga er av dei høgst prioriterte tiltaka for 1996. Regjeringa vil setje ned eit lovutval for å utarbeide forslag til ei eiga miljølov for Svalbard.
Det vert vidare synt til at forslaga til statens samla utgifter på Svalbard er for 1996 vurderte til netto ca 432,3 mill. kroner. Tilsvarande tal for 1995 var ca 425,2 mill. kroner.
For 1996 er det foreslått å løyve til saman 216 mill. kroner over Nærings- og energidepartementets budsjett til Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S, Svalbard Samfunnsdrift A/S, Svalbard Næringsutvikling A/S og Kings Bay Kull Compani A/S. Dette er ein auke på 19,5 mill. kroner samanlikna med 1995. Vidare er det foreslått å løyve 11 mill. kroner til Kings Bay Kull Compani A/S i Ny-Ålesund.
Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S (SNSK) produserte i 1994 til saman 301.200 tonn netto kol. Dette er 33.500 tonn eller 12,5 % meir enn i 1993. Ved årsskiftet 1994/95 hadde selskapet 277 tilsette mot 286 året før. Revidert rekneskap for 1994 viser eit underskot for selskapet før statstilskot og ekstraordinære postar på 98 mill. kroner. Dette er om lag 20 mill. kroner svakare enn året før.
Med omsyn til petroleumsverksemd vert det opplyst at det ikkje ligg føre planar for boring etter petroleumsførekomstar på Svalbard i tidsrommet 1996-97.
Det vert opplyst at Regjeringa tek sikte på å leggje fram lovproposisjonen om lov om skatt til Svalbard i løpet av hausten 1995.
Når det gjeld reiseliv vert det synt til at interessa for Svalbard som reisemål har vore aukande dei seinare åra. Ei planmessig styring av tilrettelegginga er nødvendig både for å få ein næringsmessig effekt av turisttrafikken, for å ta vare på tryggleiken til turistane og av omsyn til miljøvern og interessene til lokalbefolkninga.
Det vert i proposisjonen synt til at interessa for forsking i polarområda er stadig stigande, både nasjonalt og internasjonalt. Av dei 148 prosjekta innan forskning og undervisning som vart innmelde for 1995 var 63 norske og 85 utanlandske. Dette inneber ein dramatisk auke i utanlandsk aktivitet frå 1994 til 1995.
Sommaren 1996 er det planlagt å starte bygging av ein nedlesestasjon for satelittar i polare baner i Longyearbyen. Ein ny stor forskingsradar i Longyearbyen vil stå ferdig til bruk hausten 1995.
Som ledd i å vidareutvikle samfunnet på Svalbard blei det hausten 1993 oppretta utdanningstilbod på universitetsnivå på øygruppa. Opptaket hausten 1995 var på 70 studentar. I tillegg vil det bli teke opp 15 studentar i januar 1996, slik at studenttalet då blir 85. Studietilbodet er innan studieretningane arktisk biologi, arktisk geofysikk og arktisk geologi.
Pr. 24. august 1995 var det totalt 3.105 fastbuande på Svalbard. Talet for dei norske busetjingane på Svalbard var 1.375. Av desse budde 1.324 i Longyearbyen, 23 i Ny-Ålesund, 5 i Svea, 3 på Isfjord radio, 11 på Bjørnøya og 4 på Hopen. I dei utanlandske busetjingane var det totalt 1.640 busette. Av desse budde 968 i Barentsburg, 663 i Pyramiden og 9 i Hornsund. Talet på personar i Barentsburg og i Pyramiden er redusert med til saman 240 sidan 21. februar 1994.