Lenke til Stortingets hovedside  

B.innst.S.nr.5 (2002-2003)
Innstilling frå kommunalkomiteen om løyvingar på statsbudsjettet for 2003 vedkomande rammeområde 6 Kommunal- og regionaldepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet og Finansdepartementet mv. og rammeområde 7 Folketrygda


oversikt første forrige neste

5. Rammeområde 7 Dagpengar mv.

Oversikt over budsjettkapitler og poster i rammeområde 7

Utgifter i hele kroner
Kap. Post Formål: St.prp. nr. 1 med Tillegg nr. 9 og Tillegg nr. 14
    Folketrygden
2540   Stønad under arbeidsløyse til fiskere og fangstmenn 36.000.000
  70 Tilskudd, overslagsbevilgning 36.000.000
2541   Dagpenger 7.783.500.000
  70 Dagpenger, overslagsbevilgning 7.783.500.000
2542   Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv. (jf kap. 5704) 470.000.000
  70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv., overslagsbevilgning 470.000.000
2543   Ytelser til yrkesrettet attføring 8.843.000.000
  70 Attføringspenger, overslagsbevilgning 6.908.000.000
  71 Attføringsstønad, overslagsbevilgning 1.935.000.000
    Sum utgifter rammeområde 7 17.132.500.000


Inntekter i hele kroner
Kap. Post Formål: St.prp. nr. 1 med Tillegg nr. 9 og Tillegg nr. 14
    Folketrygden
5704   Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv. (jf kap. 2542) 100.000.000
  2 Dividende 100.000.000
5705   Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs, dagpenger 18.000.000
  1 Refusjon dagpenger 18.000.000
    Sum inntekter rammeområde 7 118.000.000
    Netto rammeområde 7 17.014.500.000

5.1 Disponering av rammeområde 7

       Komiteen har ved vedtak i Stortinget av 15. oktober 2002 fått tildelt kapittel under rammeområde 7 Folketrygda, jf Innst.S.nr.2 (2002-2003). Ved vedtak i Stortinget av 2. desember 2002 er netto utgiftsramme for rammeområde 7 fastsett til kr 17.254.500.000, jf B.innst.S.nr.I Tillegg nr. 1 (2002-2003).

       Komiteen viser til at det går fram av tabell 3 at forslaget frå Høgre, Kristeleg Folkeparti summerer seg til nettosummen som er vedteken for rammeområde 7 ved handsaminga av B.innst.S.nr.I Tillegg nr. 1 (2002-2003).

       Komiteen viser til at forslaget frå Høgre og Kristeleg Folkeparti er ført opp under Tilråding frå komiteen under kapittel 7 i innstillinga.

Tabell 3 Forslag til disponering av ramme 7

I tabellen er det gjeve ei oversikt over forslaget frå Høgre og Kristeleg Folkeparti. Avvik frå forslag til beløp frå St.prp. nr. 1 med Tillegg nr. 1 -14 i parentes. Berre kapittel med avvik frå Regjeringa sitt forslag er med. Tal i tusen kroner.

Utgifter
Kap. Post Formål: St.prp. nr. 1 med Tillegg nr. 9 og Tillegg nr. 14 H og KrF
2541   Dagpenger    
  70 Dagpenger 7.783.500 8.023.500
(+240.000)
    Sum utgifter rammeområde 7 17.132.500 17.372.500
(+240.000)


Inntekter
Kap. Post Formål: St.prp. nr. 1 med Tillegg nr. 9 og Tillegg nr. 14 H og KrF
    Sum inntekter rammeområde 7 118.000 118.000
(0)
    Sum netto rammeområde 7 17.014.500 17.254.500
(+240.000)

5.1.1 Generelle merknader

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, konstaterer at de vedtatte rammer for rammeområde 6 og 7 i så vesentlig grad avviker fra det disse partier mener er en nødvendig innsats for å sikre hovedtrekkene i bosettingsmønsteret, motvirke arbeidsledighet og bedre botilbudet at det ikke gir et rimelig bilde av disse partiers politikk å fremme forslag til fordeling av rammene. Dette er rammer som regjeringspartiene bare kunne få støtte til fra Fremskrittspartiet. Det er da også naturlig at de partiene som står bak de vedtatte innstrammingene også foreslår innretningen av dem.

       Flertallet vil ut fra dette ikke fremme egne forslag til rammedisponering under rammeområde 7, men viser til de forslag som er fremmet av sine respektive partifraksjoner i finansinnstillingen.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til budsjettavtalen, jf merknader under kap. 1.1, og støtter det justerte budsjettforslaget fra Høyre og Kristelig Folkeparti slik dette fremkommer i tabell 3 kap. 5.1 i denne innstillingen.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til Arbeiderpartiets merknader i finansinnstillingen B.innst.S.nr.I (2002-2003) og til sine merknader under kap. 4.8 foran.

       Disse medlemmer viser til at Arbeiderpartiet går mot Regjeringens forslag til vesentlige svekkelser av dagpengeordningen og permitteringsordningen.

       Disse medlemmer viser til at Arbeiderpartiet i finansinnstillingen foreslo en netto utgiftsramme under rammeområde 7 som var 152 mill. kroner høyere enn forslaget fra regjeringspartiene og som var sammenfallende med budsjettavtalen mellom regjeringspartiene og Fremskrittspartiet. Under behandlingen i Stortinget fikk regjeringspartienes forslag flertall.

       Disse medlemmer viser til oversikten nedenfor som viser avvikene mellom Arbeiderpartiets forslag, Regjeringens forslag og forliket mellom Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti på områder innenfor rammeområde 7.

Tabell 4 Forslag til disponering av ramme 7. Oversikt over Arbeiderpartiets økonomiske opplegg for 2003 i forhold til Regjeringens budsjettforslag og forliket mellom Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre (i mill. kroner).

Utgifter
Kap. Post Formål: Ap i forhold til forliket mellom H, FrP, KrF og V Ap i forhold til Regjeringen
2541   Dagpenger + 152 + 392
  70 Dagpenger + 152 + 392
    Sum utgifter rammeområde 7 + 152 + 392


Inntekter
Kap. Post Formål: Ap i forhold til forliket mellom H, FrP, KrF og V Ap i forhold til Regjeringen
    Sum inntekter rammeområde 7 0 0
    Sum netto rammeområde 7 + 152 + 392


       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, har merka seg at Regjeringa føreslår å fjerne ferietillegget, auke talet på ventedagar frå 3 til 5, senke maksimal stønadsperiode frå 3 til 2 år, auke kravet til ledigheit frå 40 til 50 %, heve kravet til minsteinntekt frå 1,25 G til 1,5 G og auke arbeidsgjevarperioden frå 3 til 20 dagar ved permittering. Fleirtalet er sterkt kritisk til dei endringane Regjeringa legg opp til og vil gå imot desse. Dette representerer ei forverring av livssituasjonen for mange menneske som alt har det vanskeleg. Fleirtalet viser til intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv og meiner Regjeringa sitt forslag går i motsett retning. Mange med delstillingar blir fråtekne den tryggleiken som ligg i dagpengordninga ved permittering. Det er og vanskeleg å sjå korleis desse endringane vil fungere som eit incentiv for ei meir aktiv arbeidssøking hjå den einskilde.

       Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet er djupt ueinig i Regjeringa sitt forslag om å innføre eit tak på kostnadene ved attføringsopplegg. Dette kan medføre at til dømes rusmiddelmisbrukarar under rehabilitering, psykisk utviklingshemma og funksjonshemma som treng opplegg som varer over noko tid ikkje får tilstrekkeleg oppfølging.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til sine merknader foran under programkategori 19.00 Arbeidsmarked foran under 4.8.

       Medlemen i komiteen frå Senterpartiet vil vise til at Senterpartiet sitt alternative budsjett inneheld fleire forslag for redusert arbeidsløyse. Betre tilrettelegging for deltaking i arbeidslivet, ei offensiv satsing på nyskaping og næringsutvikling og auka løyvingar til kommunesektoren er eksempel på slike grep. Dette gjer behovet for dagpengar tydeleg mindre med Senterpartiet sitt opplegg, rekna til ein reduksjon på 600 mill. kroner. I tillegg går Senterpartiet imot endringane i permitteringslova, og har gjort framlegg om dei nødvendige ekstra løyvingane i tråd med dette.

       Denne medlemen viser til dei store utfordringane norsk næringsliv, og spesielt industrien, har nett no. Det vil difor være heilt gale å flytte eit større ansvar for kostnadene ved permitteringar over på arbeidsgjevarsida. Denne medlemen viser til Senterpartiets alternative budsjett der ein legg opp til ein langt meir offensiv politikk for sysselsetjing og næringsliv, heilt andre og betre løysingar på dagens utfordringar ein enn dei forslag Regjeringa kjem med.

Tabell 5 Oversikt over dei alternative budsjetta til fraksjonane.

I tabellen er det gjeve ei oversikt over dei alternative budsjetta til henholdsvis Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet på rammeområde 7 slik det framgår av B.innst.S.nr.I (2002-2003). Avvik frå Regjeringa i parentes. Tabellen viser også det justerte budsjettforslaget frå Høgre og Kristeleg Folkeparti

Utgifter (i hele tusen kroner)
Kap. Post Formål: St.prp. nr. 1 med Tillegg nr. 1 -14 H, KrF og V AP FrP SV Sp
2541   Dagpenger 7.783.500 8.023.500
(+240.000)
8.175.500
(+392.000)
6.583.500
(-1.200.000)
8.213.500
(+430.000)
7.613.500
(-170.000)
  70 Dagpenger 7.783.500 8.023.500
(+240.000)
8.175.500
(+392.000)
6.583.500
(-1.200.000)
8.213.500
(+430.000)
7.613.500
(-170.000)
2543   Ytelser til yrkesrettet attføring 8.843.000 8.843.000
(0)
8.843.000
(0)
8.843.000
(0)
8.893.000
(+50.000)
8.843.000
(0)
  70 Attføringspenger 6.908.000 6.908.000
(0)
6.908.000
(0)
6.908.000
(0)
6.958.000
(+50.000)
6.908.000
(0)
    Sum utgifter rammeområde 7 17.132.500 17.372.500
(+240.000)
17.524.500
(+392.000)
15.932.500
(-1.200.000)
17.612.500
(+480.000)
16.962.500
(-170.000)


Inntekter (i hele tusen kroner)
Kap. Post Formål: St.prp. nr. 1 med Tillegg nr. 1 -14 H, KrF og V AP FrP SV Sp
    Sum inntekter rammeområde 7 118.000 118.000
(0)
118.000
(0)
118.000
(0)
118.000
(0)
118.000
(0)
    Sum netto rammeområde 7 17.014.500 17.254.500
(+240.000)
17.406.500
(+392.000)
15.814.500
(-1.200.000)
17.494.500
(+480.000)
16.844.500
(-170.000)


oversikt første neste


Sist oppdatert 7. nov 2005 av Stortingets administrasjon