B.innst.S.nr.13 Tl.04 (2002-2003)
Innstilling frå samferdselskomiteen om BaneTele AS
3. Tilråding frå Komiteen
Komiteen har elles ingen merknader,
viser til kap. 4.2 i proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slike
vedtak:
I.
Stortinget samtykker i at:
| 1. | Uavhengig
av eigarskapet til BaneTele AS, skal eigarskapet til Jernbaneverkets infrastruktur
for telekommunikasjon verte verande i Jernbaneverket. |
| 2. | Kongen
får fullmakt til å forlenge løpetida for statslånet til BaneTele AS til og med
30. juni 2003. |
| 3. | Kongen
får fullmakt til å gjere om statslånet til ansvarleg lån. |
| 4. | Kongen
får fullmakt til å avgjere kven som skal vere generalforsamling i BaneTele AS.
|
| 5. | BaneTele
AS skal ikkje selgjast no. Dersom det er aktuelt med nye industrielle løysingar,
er det ein føresetnad at dette skal leggjast fram for Stortinget som eiga sak.
|
II.
Stortinget samtykker i at:
| 1. | Inntil
eit GSM-R-nett langs jernbanestrekningane er operativt, vert det føresett at
Regjeringa og Jernbaneverket syter for å betra tryggleiken slik at Jernbanetilsynet
sine krav vert oppfylte innan dei gitte tidsfristane. |
| 2. | Stortinget
føreset at Regjeringa sikrar at den kompetansen som er naudsynt for å sikra optimal
framdrift av utbygginga, og som er utvikla i BaneTele AS sin prosjektorganisasjon,
vert vidareført så lenge det er naudsynt. |
| 3. | Utbygging,
drifts- og serviceavtalen mellom Jernbaneverket og utbyggjar må vere så langsiktig
at det gjer det mogleg å lånefinansiere utbygginga av GSM-R. |
| 4. | Det
er ein føresetnad at eit GSM-R-nett langs jernbanestrekningane i Noreg skal vera
operativt innan 1. januar 2005 for dei banestrekningar som i dag ikkje har togradiosystem.
|
| 5. | For
strekninga Bodø-Rognan vert det føresett at Regjeringa og Jernbaneverket syter
for å betra tryggleiken slik at Jernbanetilsynet sine krav vert oppfylte innan
dei gitte tidsfristane.
|
| Oslo, i samferdselskomiteen,
den 5. desember 2002
|
Petter Løvik leder |
Bjørgulv Froyn ordfører |
Geir-Ketil Hansen sekretær |
Sist oppdatert 7. nov 2005 av Stortingets administrasjon