|
Komiteen har ingen merknader, viser
til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt
Lova gjeld tilsette i Televerket, som ved utskilling av delar av verksemda i Televerket til eigne selskap, vert tilsette i slikt selskap.
Tenestemannslova § 13 nr. 2 til nr. 6 om førerett til anna statsstilling og venteløn skal i tilfelle som nemnd i § 1 framleis gjelde for arbeidstakarar som vert sagt opp av grunn som nemnd i tenestemannslova § 13 nr. 1 a, b og c, og som var omfatta av desse føresegnene før utskillinga. Føreretten til anna statsstilling og retten til venteløn etter førre punktum opphøyrer tre år etter overføringa.
Føresegnene i førre ledd innskrenkar ikkje rettane til arbeidstakarane etter arbeidsmiljølova §§ 60 nr. 2 og 67.
Denne lova tek til å gjelde straks.
Lova gjeld, i tillegg til det som vert
regulert i § 1, for tilsette som på det tidspunktet lova tek til å gjelde,
allereie er overført frå Televerket til eit selskap utskild etter 1. januar
1992.
| Oslo, i samferdselskomiteen,
den 2. juni 1994. |
Inge Myrvoll, | Magnar Sætre, | Solveig Torsvik, |
fung. leiar. | ordførar. | sekretær. |