|
Einskilde av tilvisingane i skattebetalingslova har blitt misvisande som følgje av at reglar som det visast til anten er endra eller oppheva. Pkt. 5.2 inneheld berre forslag om opprettingar av teknisk art som ikkje vil ha materiell tyding. I pkt. 5.3 foreslår departementet å oppheve eller regulere einskilde av beløpsgrensene i skattebetalingslova kap. III. Desse beløpsgrensene har stått uendra i lang tid, og har i stor grad si grunngjeving i at dei skal virke forenklande. Føresetnaden for at grensene er formålstenlege er då at dei regulerast eller opphevast når tilhøva gjer det ønskeleg.
Skattebetalingslova § 7 nr. 5 viser til Stortinget sitt vedtak om forskott på skatt. Vedtak om forskott på skatt er tatt inn i Stortinget sitt skattevedtak, og det gjerast ikkje lenger noko særskild stortingsvedtak om forskott på skatt. Skattevedtaket viser no til « skatteavtale med annen stat », og det bør då vere tilstrekkeleg at § 7 nr. 5 viser til Stortinget sitt vedtak om skatt. Vidare vil ein foreslå å ta ut det tredje alternativet i nr. 5, jf.
| « eller etter den lavere sats som er fastsatt av departementet med hjemmel i lov av 19. juni 1969 nr. 71 § 5 tredje ledd. » |
Denne lova blei oppheva ved lov av 20.
juli 1991 nr. 57, og den nemnde regelen er erstatta av § 3-6 i
selskapsskattelova. Selskapsskattelova § 3-6 gir likevel ikkje
departementet heimel til å fastsetje ein lågare sats.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
Skattebetalingslova § 12 nr. 1 første
ledd første punktumet avgjer kva for kommune oppgjer for forskotstrekk skal
sendast til. Mellom anna er det synt til § 5 i aksjonærbeskatningslova, som
blei oppheva ved lov av 20. juli 1991. Den nemnde regelen om kildeskatt av
utbyte til utanlandsk aksjonær er no erstatta av § 3-6 i selskapsskattelova.
Her heiter det m.a. at skatteutrekninga skjer ved « Sentralskattekontoret for
storbedrifter dersom selskapet lignes der. » Føretak som liknast ved
Sentralskattekontoret for storbedrifter kan ikkje nytta
Sentralskattekontoret som oppgjerskommune for forskotstrekk, men må betale
kildeskatten inn til sin eigen kontorkommune. Departementet meiner derfor
at ei henvising til selskapsskattelova § 3-6 vil vere misvisande. Ein syner
til det vedlagde utkastet til lovtekst.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
§ 12 nr. 2 tredje til femte punktumet
inneheld reglar om summarisk oppgjer av skattetrekk. Denne form for oppgjer
er ikkje lenger aktuell fordi ordninga med manglande spesifisering av trekk
på den einskilde skattytar no er gjennomført som ei alminneleg ordning, jf.
§ 12 nr. 1 andre ledd. Departementet gjer derfor framlegg om å oppheva
skattebetalingslova § 12 nr. 2 tredje til femte punktumet.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
Her synast til « fastsetting av
trekkprosent etter § 7.2. I § 7.2. brukast imidlertid uttrykket « fastsetting
av forskottstrekk », og § 13 bør endrast i samsvar med dette.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
Regelen her syner til skattelova § 16
siste ledd. Ved ei endringslov av 3. juni 1977 fekk skattelova § 16 eit
nytt siste ledd, slik at rett tilvising skal vere til § 16 tiande ledd.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
Regelen her fastset fristar for
betaling av løpande mulkt etter likningslova § 10-6 og for betaling av
oppdragsgjevaren sitt ansvar for forfall men ikkje innbetalt skatt etter
likningslova § 10-7. Ved lov av 22. desember 1989 nr. 97 blei § 10-8 i
likningslova føydd til med reglar om gebyr. Departementet legg til grunn at
ein i § 28 nr. 2 bør vise til likningslova § 10-8, jf. utkastet til nytt
andre punktum.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
Denne regelen har ein ordlyd
samsvarande med skattebetalingslova § 11 nr. 4. § 11 nr. 4 blei endra ved
lov av 12. juni 1987 nr. 36 og 10. april 1992 nr. 31, og ein legg til grunn
at § 34 nr. 1 andre punktumet bør gi tilvising på dei gjeldande alternativa
i § 11 nr. 4 for handsaming av trekkbeløp. Dette kan skje ved ei tilvising
til skattebetalingslova § 33 nr. 3.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
Ved endringslov av 9. januar 1987 blei
andre punktumet i skattebetalingslova § 38 oppheva slik at tredje og fjerde
punktumet blei andre og tredje punktum. § 38 tredje punktum viser til reglar
i første og tredje punktumet, men dette blir feil etter opphevinga av andre
punktumet. Dette bør no rettast opp i § 38 tredje punktum.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
Etter § 56 nr. 2 er
Finansdepartementet gitt fullmakt til å gi særreglar for innkrevjing av
inntekt hos barn som er forsørga. Barn som er forsørga var tidlegare
skattlagt etter skattelova § 139, som blei opphevd ved lov av 19. juni 1969.
Fullmaktsregelen i § 56 nr. 2 har derfor ikkje lenger nokon realitet og bør
opphevast.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
Her er det gitt ei minstegrense for
kva for beløp som skal gi grunnlag for utskriving av forskotsskatt.
Minstegrensa er i dag kr 50, slik den har vore sidan 1960. Meininga med ei
slik grense var å oppnå forenkling av forskotsutskrivinga.
Skattedirektoratet følgjer med i forskotsutskrivinga og vil i sine rutinar
leggje seg på eit forsvarleg nivå sjølv om det ikkje blir satt noko
minstegrense. Regelen bør derfor opphevast.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
Departementet finn at beløpsgrensa her på kr 100 ikkje lenger har nokon praktisk tyding ved sida av regelen i same punktumet om at forskotsskatten kan endrast
| « når det er overveiende sannsynlig at den skattepliktige med den opprinnelig fastsatte forskottsskatt vil få en restskatt eller en tilgodesum ved likningen for vedkommende år som motsvarer minst 1/5 av det utskrevne forskottsbeløp ». |
Ein antar at det då berre heilt
sjeldsynt vil hende at restskatt eller sum til gode vil vere under kr 100.
Beløpsgrensa kan derfor opphevast. I § 18 nr. 2 andre punktum brukast
uttrykket restskatt eller sum til gode ved likningen. Ein gjer framlegg om
at uttrykket endrast til ved avregningen, jf. §§ 22-24.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
Forskotsskattebeløp forfaller i fire
like store terminar dersom beløpet er over kr 400, og i to like store
terminar dersom beløpet er under kr 400 og over kr 200. Beløp under kr 200
skal betalast i ein termin. Dei gjeldande beløpsgrensene blei fastsette ved
lovendring av 12. juni 1970, og bør no kunne regulerast opp. Departementet
gjer framlegg om at forskotsskattebeløp under kr 1.000 skal betalast i ein
termin med forfall 15. mai. Som ein følgje av ei slik oppregulering, må det
gjerast ei endring i § 20 nr. 2 som fastsett at « Innbetaling kan ikke kreves
før det er gått 3 uker fra den dag da melding om forskottsskatten ble sendt
den skattepliktige ». Betalingsfristen for terminen kan her setjast til 15.
september.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.