|
Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar
Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå
Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre,
leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, frå Sosialistisk
Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og
frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, viser til at det dei seinare åra
stadig har vore reist krav om endringar i dyrevernlova, slik at dyr kan få
betre rettsvern.
Etter fleirtalet i komiteen, alle med
unntak av medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, sitt syn, er dei
endringane det er gjort framlegg om, i tråd med målsettinga om betring av
dyrevernet.
Komiteen har merka seg at
departementet har gjort ei grundig utgreiing før proposisjonen vart fremma.
Komiteen ser positivt på det arbeidet som er gjort for å betre
dyrevernarbeidet. Komiteen viser til den store interesse det er for
dyrevernspørsmål, m.a. at forbrukarane i større grad enn før set krav om at
husdyrproduksjonen skal gå føre seg på ein etisk forsvarleg måte. Interessa
for dyrevern har vore aukande når det gjeld alle slags dyr, ikkje berre
produksjonsdyr, men også t.d. forsøksdyr, sports- og kjæledyr og
oppdrettsfisk.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti ser positivt på hovedtrekkene i Regjeringens forslag til endringer i dyrevernloven. Disse medlemmene mener imidlertid at det på flere punkter ikke er samsvar mellom den uttrykte målsettingen om å styrke dyrevernet og de forslag til endringer som Regjeringen legger frem.
Komiteen har merka seg at endringa når
det gjeld bruk av forsøksdyr, vil gje betre heimel for å følgje opp
Europarådskonvensjonen om vern av forsøksdyr, som Noreg har slutta seg til.
Fleirtalet i komiteen, alle med unntak
av medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, viser til at endringa vil medføre
at større ansvar for at dyreforsøk vert gjennomført i samsvar med gjeldande
reglar, kan verte delegert til den einskilde forskaren. Fleirtalet ser det
som positivt at Forsøksdyrutvalet kan få meir tid til å ta seg av
prinsipielle spørsmål og gjennomføra varsla og uvarsla inspeksjonar i
forsøksdyravdelingar. Fleirtalet sluttar seg til framlegget. Fleirtalet
presiserer at forsøk med dyr, som i dag, skal gå føre seg innafor dei rammer
som samfunnet set og i kontrollerte former.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener det ikke er rimelig at mer av ansvaret for dyreforsøk delegeres til den enkelte forsker. Denne typen forskning bør foregå innenfor de rammer samfunnet setter, og i kontrollerte former. Dette medlem mener dette best ivaretas ved at Forsøksdyrutvalget fortsatt beholder myndigheten til å gi tillatelser til forsøk med dyr.
Komiteen meiner at det i alt
dyrevernarbeid må leggjast stor vekt på førebyggjande arbeid. Det er
nødvendig med både varsla og uvarsla inspeksjonar av alle typar dyrehald.
Det vil etter komiteen sitt syn vere viktig også med tanke på å hindre
dyretragedier av større omfang. Det er i den samanheng viktig at både
fagkompetanse og lekmannsskjøn er med i vurderinga.
Fleirtalet i komiteen, alle med unntak
av medlemene frå Senterpartiet, viser til at m.a. Kommunaldepartementet
fleire gonger har peika på at dyrevernnemndene sine oppgåver er statlege, og
at staten derfor bør ta over ansvaret for nemndene. Fleirtalet er samd i
denne vurderinga, og sluttar seg til framlegget om endring.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet går inn for at dyrevernnemndene skal vera kommunale, og at medlemene i nemnda skal veljast av kommunestyret. Kommunane skal sjølve kunne avgjera om dei vil ha interkommunale nemnder innan eige veterinærdistrikt. Desse medlemene meiner at dyrevernsarbeidet skal vera ein del av den kommunale forvaltninga. Det er eit mål å opparbeide eit best mogleg tillitsforhold mellom dyrevernnemnda og den enkelte dyreeigar. Det er lettare å sikre ei slik arbeidsform dersom distrikta den enkelte dyrevernnemnd har ansvar for ikkje vert for store.
Desse medlemene føreset at når det
gjeld dei større byane, kan dei delast opp i mindre område, slik at den
einskilde dyrevernnemnda får ansvar for eit område som ikkje er større enn
at dei kan utføre oppgåvene sine på tilfredsstillande måte.
Komiteen er samd med departementet i at det er nødvendig å få eit betre system for oppfølging av brot på dyrevernlova, og at det best kan skje ved at dyrevernnemnda får vedtakskompetanse. Komiteen meiner dette er nødvendig for å sikre raskare reaksjon når dyr står i fare for å lide unødig.
Komiteen er klar over at når
dyrevernnemnda får vedtakskompetanse, er det i enno større grad enn
tidlegare nødvendig med opplæring av medlemene i nemnda. Komiteen reknar
med at departementet legg ein plan for slik opplæring, og at den vil verte
gjennomført før det blir omlegging av nemndsstrukturen.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, viser til
at det frå fleire hald er reist innvendingar mot at det som prinsipp vert ei
nemnd i kvart veterinærdistrikt. Fleirtalet er likevel samd med
departementet i at dette vil sikra ei god løysing. Men fleirtalet føreset
at det når det gjeld dei større byane, vert mogleg å dele opp området, og at
den einskilde dyrevernnemnda får ansvar for eit område som ikkje er større
enn at den kan utføre oppgåvene sine på tilfredsstillande måte. Også i
veterinærdistrikt med store avstandar kan det etter fleirtalet sitt syn vere
best å dele dyrevernarbeidet på meir enn ei nemnd i kvart veterinærdistrikt.
Komiteens medlem fra Sosialistisk
Venstreparti mener prinsippet om veterinærdistrikt som geografisk
virkeområde for dyrevernnemndene kan virke uheldig. I områder med større
byer, og i kommuner med lange avstander, må andre, og mindre, geografiske
virkeområder gjelde. Dette medlem mener dette må gjøres helt klart i
lovteksten.
Fleirtalet i komiteen, alle med unntak av medlemene frå Senterpartiet, meiner ordninga med ei dyrevernnemnd i kvart distrikt vil løyse ein del av dei problema som kan oppstå, særleg i mindre kommunar, når det gjeld habiliteten til medlemene i nemnda. Informasjon til innbyggjarane om dyrevernnemnda og arbeidet til nemnda vil òg kunne verte enklare.
Fleirtalet er samd med departementet i
at det ved val av løysing må takast omsyn til utgiftene til arbeidet til
dyrevernnemndene. Den valde ordninga vil etter fleirtalet sitt syn gje
styrking av dyrevernarbeidet samtidig som utgiftene vert halde på eit
akseptabelt nivå.
Eit anna fleirtal, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, viser til
at departementet har teke utgangspunkt i at det kan verte om lag 225
dyrevernnemnder, medan det er om lag 215 veterinærdistrikt.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, ut frå at
fylkesmennene, som skal ta stilling til kor mange dyrevernnemnder det skal
vere, kan vurdere dette ut frå kva som vil vere mest tenleg for
dyrevernarbeidet, og ikkje er bundne av førehandsvurderingane.
Komiteen er klar over at før nyordninga kan tre i kraft, ligg det ein del førearbeid som vil ta tid. Komiteen er merksam på at dei kommunale nemndene som nå er i funksjon, er valde ut året 1995. Komiteen reknar med at departementet finn ei smidig overgangsordning når det gjeld tidspunkt for når nyordninga skal ta til.
Komiteen meiner det er viktig å halde på lekmannsskjønet i dyrevernarbeidet, og er samd med departementet i at nemnda skal ha medlemer som er valde på fritt grunnlag. Komiteen vil peike på at det er viktig at dei som vert oppnemnde til dyrevernnemnda, har praktisk skjøn på husdyrhald og dyrestell, slik det er krav om i § 23. Komiteen meiner vidare at det er viktig at det er breidde i lekmannsskjønet, spesielt i område der dyrehaldet spenner over alle kategoriar dyr frå kjæledyr via tradisjonelle produksjonsdyr til forsøksdyr og oppdrettsfisk.
Etter det komiteen kan sjå, er
arbeidet i dyrevernnemnda noko spesielt i høve til arbeidet i andre nemnder.
Dyrevernarbeidet må kunne gjerast til ei kvar tid på døgnet. Komiteen ser
det som viktig at dei som vert oppnemnde i dyrevernnemnda, har tilstrekkeleg
handlefridom i høve til sitt daglege virke. Det er òg viktig at arbeidet i
dyrevernnemnda vert likestilt med anna politisk verksemd.
Fleirtalet i komiteen, alle med unntak
av medlemene frå Senterpartiet, er samd i at distriktsveterinæren vert knytt
til nemnda som ansvarleg for sekretærfunksjonen, og vil slik sett få ein
rådgjevarfunksjon i nemnda. Veterinæren skal medverke til at arbeidet med å
styrkje dyrevernet har framgang.
Komiteen sine medlemer frå
Senterpartiet meiner at distriktsveterinæren skal tiltre dyrevernnemnda som
fast fagleg rådgjevar. Desse medlemene meiner at kommunane skal stille
sekretærhjelp til disposisjon. Distriktsveterinæren skal ha det faglege
ansvaret for at sekretærarbeidet blir utført på ein tilfredstillande måte.
Utgifter som kjem i samband med dyrevernnemnda sitt arbeid, blir dekt av
kommunane. Det er ein føresetnad at desse utgiftene blir teke med som ein
del av dei ordinære rammeoverføringane frå staten. I saker der politiet og
rettsapparatet er kopla inn, dekkjer staten utgiftene som dette fører med
seg.
Komiteen vil peike på at dyrevernarbeid bør vere ei av dei viktigaste oppgåvene for distriktsveterinæren, m.a. bør distriktsveterinæren vere ansvarleg for å etablere ei god vaktordning for dyrevernnemnda.
Komiteen er samd i tidlegare vedtak om
at distriktsveterinæren ut frå stillinga si ikkje skal vere med i nemnda,
men ha ei fagleg rådgjevande tilknyting til den.
Fleirtalet i komiteen, alle med unntak
av medlemene frå Senterpartiet, viser til at det har kome innvendingar mot
ordlyden i § 23 andre leden i framlegget. Sjølv om det klart går fram av
premissane at distriktsveterinæren skal ha ansvaret for sekretærfunksjonen i
dyrevernnemnda, men at det ikkje er krav om at han sjølv skal utføre
arbeidet, finn fleirtalet det rett å gjere endringar i ordlyden på dette
punktet. Fleirtalet gjer derfor framlegg om at:
« § 23 andre leden skal lyde:
Kvar dyrevernnemnd skal ha 3 medlemer.
I særlege tilfelle kan nemnda ha 5 medlemer. Distriktsveterinæren er
ansvarleg for sekretariatsfunksjonen til nemnda. Distriktsveterinæren er
ikkje medlem av nemnda, men har møteplikt utan stemmerett. »
Eit anna fleirtal, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, er samd i at som
regel skal dyrevernnemnda ha tre medlemer, men at det i område med stort
folketal og/eller mange dyr, kan vere nødvendig å ha nemnder med fem
medlemer. Fleirtalet er vidare samd i at det skal vere fylkesmannen som tek
avgjerd om kor mange medlemer det skal vere i kvar nemnd, og at det vert
gjort etter at distriktsveterinæren har fått gje uttale.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, viser til
at departementet reknar med at også varamedlemene skal kunne trekkjast med i
arbeidet i nemnda. Fleirtalet meiner dette er viktig for at reduksjonen i
talet på medlemer ikkje skal svekkje dyrevernarbeidet.
Komiteens sine medlemer frå
Senterpartiet meiner at dyrevernnemnda skal ha fem eller tre medlemer.
Kommunane avgjer sjølve storleiken på nemnda.
Komiteens medlem fra Sosialistisk
Venstreparti mener dyrevernnemndene bør kunne ha flere enn tre medlemmer.
Spesielt i store byer, og andre områder med stort arbeidspress, bør det som
hovedregel være fem medlemmer i dyrevernnemnda. En reduksjon i antall
medlemmer vil helt klart svekke dyrevernarbeidet, og slik sett gå på tvers
av intensjonene i Regjeringens forslag.
Komiteen viser til at nokre
dyrevernnemnder har kontakta komiteen og klaga over at framlegget til
endringar i lova ikkje vart sendt til dyrevernnemndene til uttale. Komiteen
viser til at både Kommunal- og arbeidsdepartementet og Kommunenes
Sentralforbund har hatt utkastet til uttale. Komiteen meiner derfor at dei
høyringsinstansane som sit med det overordna ansvaret for dei kommunale
dyrevernnemndene har fått uttale seg.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti er kritisk til de økonomiske beregningene som departementet baserer finansieringen av omleggingen på. Mange kommuner har ikke vært dyktige nok til å dokumentere og regnskapsføre utgiftene til dyrevern. Eksempelvis er det oppgitt at bykommunene i gjennomsnitt brukte 48.000 kroner til dyrevernarbeid i 1993, mens utgiftene for Oslo, ifølge Oslo kommunale dyrevernnemnd, faktisk beløp seg til 340.000 kroner. Etter dette medlems vurdering er dette ikke noe enestående eksempel. Dette medlem mener derfor det er behov for økte ressurser i forbindelse med omleggingen. Disse midlene bør imidlertid ikke hentes ut av kommunenes rammetilskudd, men bevilges som « friske » penger. Dette medlem vil gå imot at det trekkes inn penger fra kommunenes rammetilskudd i forbindelse med omorganiseringen.
Dette medlem viser til at den norske dyrevernloven er utilstrekkelig på enkelte områder. Spesielt alvorlig er det at driftsformer som frarøver dyra mye av sin naturlige atferd er tillatt. En driftsform som burhønsdrift er et eksempel på dette, og etter dette medlems syn er denne driftsformen i strid med dyrevernlovens § 2. Dette medlem viser i denne forbindelse til Sosialistisk Venstrepartis merknader i Innst.S.nr.140 (1989-1990) .
Dette medlem fremmer på denne bakgrunn
følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringen komme
tilbake med forslag som forbyr burhønsdrift og påbyr løsdrift for svin. »
Dette medlem mener transport av dyr over lange avstander, og over lang tid, også kan komme i strid med dyrevernlovens § 2. Gjeldende transportforskrifter har krav om at dyr som transporteres mer enn 18 timer, skal ha vann og fôr, og det må ikke gå mer enn 12 timer mellom hver gang det gis vann og fôr. Dette medlem viser til at landbruksministeren i svar på spørretimespørsmål fra representanten Inger Dag Steen 1. april 1992 lovte å endre transportforskriftene på dette punkt, og innskjerpe regelen, slik at bestemmelsene om fôr og vann blir mer i samsvar med det en antar er rimelig ut fra dyras behov. Dette medlem viser til at forskriftene ikke er endret på dette punkt. Dette medlem viser til at det i Sverige vurderes innført regler om at dyretransport ikke skal vare mer enn i 8 timer uten at dyret får vann, fôr, hvile og friere bevegelse.
Dette medlem fremmer på denne bakgrunn
følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringen innføre
regler om at dyr ikke må transporteres mer enn 8 timer uten vann, fôr, hvile
og friere bevegelse. »
Fleirtalet i komiteen, alle med unntak av medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, vil understreke at ein i Noreg har praktisert transportforskriftene for dyr strengt, og Noreg har vore eit av føregangslanda på området. Fleirtalet legg vekt på at måten transporten går føre seg på kan vere like viktig å ha merksemda på, som den tid dyra er under transport. Fleirtalet legg til grunn at departementet fylgjer dette området nøye og eventuelt kjem med endringar av forskriftene dersom utviklinga tilseier det.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknad foran og foreslår at § 22 beholdes som i gjeldende lov.
Komiteen gjer framlegg om å sløyfe §
23 sjette leden siste punktum, da den kan skape tvil om korleis nemnda kan
gjere lovleg vedtak. I ei nemnd med tre eller fem medlemer der minst
halvparten må vere til stades og minst halvparten må røyste for, dersom
vedtaket skal vere lovleg, vil det ikkje kunne verte like røystetal ved eit
lovleg vedtak (minst halvparten av tre medlemer er to).
Komiteens sine medlemer frå
Senterpartiet viser til det som er sagt foran og fremmar på den bakgrunn
fylgjande forslag:
« § 23 fyrste, andre og tredje leden skal lyde:
Til å føre tilsyn med dyrehaldet, skal det i kvar kommune vere ei kommunal dyrevernnemnd. Medlemene i nemnda skal veljast av kommunestyret. Kommunane avgjer sjølv om dei vil ha interkommunale nemnder innan eige veterinærdistrikt. I større kommunar kan kommunane sjølv avgjera om dei vil ha fleire dyrevernnemnder.
Kvar dyrevernnemnd skal ha 5 eller 3 medlemer. Distriktsveterinæren skal tiltre dyrevernnemnda som fast fagleg rådgjevar, utan stemmerett. Kommunen skal stille sekretærhjelp til disposisjon. Distriktsveterinæren skal ha det faglege ansvaret for at sekretærarbeidet blir utført på ein tilfredsstillande måte.
Medlemene og like mange varamedlemer
skal nemnast opp av kommunestyret for 4 år om gongen. Distriktsveterinæren
skal uttale seg om framlegga. Til nemnda skal det det fyrst og fremst
oppnemnast folk som har praktisk skjøn på husdyrhald og dyrestell, og med
kunnskap om og interesse for dyrevern. »
Komiteens medlemmer fra Høyre slutter seg til proposisjonens forutsetning om at tilsynet med dyrehold som hovedregel skal utøves av en statlig dyrevernnemnd for hvert veterinærdistrikt, dersom ikke særskilte forhold tilsier noe annet.
Disse medlemmene vil foreslå at medlemmer til de statlige dyrevernnemnder foreslås av kommunestyrene, innstilles av fylkesveterinær i samråd med distriktsveterinærene, og oppnevnes av fylkestinget eller den dette bemyndiger. Disse medlemmene mener at pga. Landbruksdepartementets budsjettansvar, må antall dyrevernnemnder i det enkelte veterinærdistrikt fastsettes av departementet etter innstilling fra fylkesveterinæren i det enkelte fylket.
I samsvar med dette fremmer disse
medlemmene følgende forslag:
« § 23 første ledd skal lyde:
Til å føre tilsyn med dyrehaldet skal
det i kvart veterinærdistrikt vere ei eller fleire statlege dyrevernnemnder.
Talet på dyrevernnemnder i det einskilde veterinærdistrikt vert fastsett av
Landbruksdepartementet etter tilråding frå fylkesveterinæren i det einskilde
fylket.
§ 23 tredje ledd skal lyde:
Medlemene og like mange varamedlemer
skal oppnemnast av fylkestinget eller den som fylkestinget gjev fullmakt,
for 4 år om gongen etter framlegg frå dei einskilde kommunestyra.
Distriktsveterinæren skal uttale seg om framlegga. Til nemnda skal det
fyrst og fremst oppnemnast folk med praktisk skjøn på husdyrhald og
dyrestell og med kunnskap om og interesse for dyrevern. Ingen skal
oppnemnast mot sin vilje.
§ 23 åttende ledd skal lyde:
Innan utgangen av januar månad skal
dyrevernnemnda senda melding om arbeidet som er gjort i førre året til
fylkestinget og til fylkesveterinæren. »
Komiteens medlem fra Sosialistisk
Venstreparti viser til merknad foran og fremmer følgende forslag:
« § 23 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:
I veterinærdistrikt med store byer,
eller med store avstander, skal disse deles opp i mindre geografiske enheter
som hver får sin dyrevernnemnd.
§ 23 annet ledd første punktum, blir første og annet punktum, skal lyde:
Hver dyrevernnemnd skal ha minst 3 medlemmer. I områder som omfatter store byer, eller store avstander, skal dyrevernnemndene ha 5 medlemmer. »
Komiteen viser til at omtalen av fjerde leden i proposisjonen kan gjere det uklart om det er dyrevernnemnda eller politiet som skal setje i verk tiltak om pålegg frå nemnda ikkje vert følgd. Komiteen vil derfor understreke at det er dyrevernnemnda som set i verk tiltak, men om eigaren/innehavaren set seg imot det, skal politiet hjelpe til med å få gjennomført tiltaka. Det same gjeld dersom dyrevernnemnda ikkje får gjennomført ein inspeksjon som nemnda meiner er nødvendig.
Komiteen sluttar seg til endringane når det gjeld dyrevern på slakteria, og at tilsynsveterinæren får ansvaret og vedtakskompetanse. Dette vil gje klarare ansvarstilhøve. Etter komiteen sitt syn vil dyrevernnemnda likevel ha eit tilsynsansvar, og kan rapportere til fylkesveterinæren om tilhøve nemnda finn klanderverdige.
Komiteen vil understreke at ansvaret for tilsyn med all transport av dyr, også til slakteri, framleis ligg hos dyrevernnemndene, distriktsveterinæren og politiet.
Komiteen har merka seg at den einaste type vedtak politiet kan gjere i dyrevernsaker, er vedtak om å ta dyr i forvaring. Sjølv om slike vedtak skal stadfestast av dyrevernnemnda innan tre dagar, og elles fell bort, gjer departementet framlegg om at slike vedtak skal kunne påklagast til fylkesveterinæren. Komiteen har ikkje innvendingar mot dette.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og
Framstegspartiet, er samd i at med høve til å kunne ileggje tvangsmulkt, vil
dyrevernnemnda få eit nytt sanksjonsmiddel i høve til brot på dyrevernlova.
Fleirtalet vil peike på at i og med at storleiken på tvangsmulkta skal
fastsetjast ut frå kor viktig det er at pålegget vert oppfylt, så er det
rimeleg at det er dyrevernnemnda som får høve til å ileggje mulkta.
Komiteen vil understreke at det til ei
kvar tid er høve til å fremje ei sak for domstolane for å få gjort om eit
pålegg.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Høyre har merket seg at dyrevernemnda i henhold til proposisjonens § 26 kan ilegge eier eller innehaver som ikke oppfyller gitte pålegg i henhold til denne lov, tvangsmulkt. Disse medlemmene mener prinsipielt at tvangsmulkt ikke bør ilegges av et offentlig oppnevnt utvalg, men fastsettes av en tjenestemann, og fremmer i tråd med dette forslag om en endring i § 26 som innebærer at tvangsmulkt skal fastsettes av distriktsveterinæren og at fylkesveterinæren er ankeinstans.
Disse medlemmene fremmer i samsvar med
det som er sagt ovenfor følgende forslag:
« § 26 skal lyde:
Kongen kan i føresegn fastsetje at distriktsveterinæren kan ileggja eigar eller innehavar som ikkje oppfyller pålegg gjevne i medhald av denne lova innan den fristen som er sett, tvangsmulkt i form av einskild mulkt eller løpande dagmulkt. Størrelsen på tvangsmulkta skal fastsetjast ut frå kor viktig det er at pålegget vert oppfylt og kva kostnader dette kjem til å medføre. Pålegg om mulkt er tvangsgrunnlag for utlegg. »
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, viser til
at medlemer av dyrevernnemnd ikkje lenger skal få vederlag for tapt
arbeidsinntekt, men fast godtgjersle for arbeidet i nemnda i samsvar med
reglar som gjeld for statlege nemnder.
Komiteens sine medlemer frå
Senterpartiet viser til det som er sagt foran og gjer slikt framlegg:
« § 27 andre og tredje leden skal lyde:
Maktar ikkje eigaren eller innehavaren å bera utgiftene, eller er det ikkje råd å få greie på kven som eig eller har dyret i si varetekt, skal kommunen bera utgiftene. I saker der politiet og rettsapparatet er kopla inn, dekkjer staten utgiftene dette fører med seg.
Kommunen dekkjer utgiftene med
arbeidet til dyrevernnemnda, inkludert skyss-, kostpengar, og godtgjersle
til medlemene, sekretæren og eventuell sakkunnig, i samsvar med gjeldande
satsar i den einskilde kommunen. »
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti finner forslaget om å fjerne vederlaget for tapt arbeidsinntekt for nemndas medlemmer uheldig. Mange dyrevernnemnder har i dag et stort arbeidspress, og legger ned en betydelig frivillig innsats. Arbeidet medfører ofte fravær fra ordinær jobb. Dette medlem mener - i tillegg til at det etter alle rimelighetsbetraktninger bør gis vederlag for tapt arbeidsfortjeneste - at forslaget representerer en svekkelse av potensiell rekruttering og sammensetning av dyrevernnemnda.
Dette medlem mener, i tråd med merknadene ovenfor, at det er uheldig å trekke inn 4,3 mill. kroner fra kommunenes rammetilskudd.
Dette medlem fremmer følgende forslag:
« § 27 tredje ledd skal lyde:
Staten dekker utgiftene med arbeidet
til dyrevernnemnda, inkludert skyss-, kostpenger, tapt arbeidsfortjeneste,
og godtgjørelse til medlemmene, sekretæren og eventuell sakkyndig, i samsvar
med gjeldende satser.
§ 27 nytt fjerde ledd skal lyde:
Utgiftene til dyrevernnemndene dekkes gjennom Konkurransestrategien for norsk mat, og gjennom omprioriteringer på Landbruksdepartementets budsjett. »