|
Komiteen sluttar seg til proposisjonen
og rår Odelstinget til å gjere slikt
I
lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen blir det gjort følgjande
endringar:
§ 32. Samarbeidsutvalet m.m.
§ 32 nr. 1 skal lyde:
Ved kvar skole skal det vere eit
samarbeidsutval med to representantar for lærarane, ein representant for
andre tilsette, to representantar for foreldrerådet, to representantar for
elevrådet, og rektor som representant for kommunen. I tillegg nemner
kommunen opp ein representant til utvalet. Rektor er sekretær for
samarbeidsutvalet.
§ 32 nr. 4 skal lyde:
Dersom samarbeidsutvalet handsamar
saker under teieplikt etter forvaltningslova, skal elevrepresentantane
fråtre.
Lova tek til å gjelde straks.
| Oslo, i kyrkje-, utdannings-
og forskingskomiteen, den 9. mai 1995. |
Jon Lilletun, Siri Frost Sterri,
leiar og ordførar. sekretær.