Innst.O.nr.7 (1995-1996)
Innstilling frå næringskomiteen om lov om endringar i lov av 28. juni
1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten m.m.
Tilråding frå komiteen
Komiteen har elles ikkje merknader,
viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt
vedtak til lov
om endringar i
lov av 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten m.m.
I.
Lov av 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten § 40 første
stykket første punktum skal lyde:
Retten til odelsløysing må gjerast
gjeldande innan 1 år frå den dagen då dokument som gjev den nye eigaren full
heimel blir tinglyst.
II.
Lov av 7. juni 1935 nr. 2 om tinglysing § 12 a andre stykket skal
lyde:
Dokument som går ut på å stifte eller
overdra noen rett som rammes av delingsforbudet i jordlova kan ikke
tinglyses uten at departementet har samtykket i delingen.
Lov av 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten § 31 første
stykket andre punktum skal lyde:
Odelsfrigjering kan likevel ikkje skje
andsynes dei som etter konsesjonslova § 6 nr 1 kunne kjøpe eigedomen utan at
staten har forkjøpsrett, medmindre det gjeld eigedom der arealet er under 30
dekar, eller vilkåra for oreigning etter jordlova § 13 ligg føre.
III.
| 1. | Del
I i lova tek til å gjelde frå ein dato Kongen set fast. Del II tek til å gjelde
straks. |
| 2. | Del
I i lova gjeld ikkje der odelsløysingsfristen etter odelslova § 40 første eller
andre stykket har teke til å løpe før iverksetjingsdatoen.
|
| Oslo, i næringskomiteen,
den 26. oktober 1995.
|
| Svein Ludvigsen, |
Syver Berge, | William Engseth, |
| leiar. |
ordførar. | sekretær. |
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon