|
Komiteen viser til proposisjonen og
til merknadene og rår Odelstinget til å gjøre slike
§ 4. Skyss og innhysing
Nr. 1 første ledd skal lyde:
For elevar i 1. klasse/førskolen som
har meir enn 2 km veg frå heimen til skolen eller må nytte båt, skipar
fylkeskommunen dagleg skyss i samråd med kommunane. For elevar i 2.-10.
klasse er skyssgrensa 4 km. Kvar kommune dekkjer utgifter for sine elevar
etter gjeldande persontakst. I særlege tilfelle har kommunen eit
sjølvstendig ansvar for å skipe skyss for dei elevane i 1. klasse/førskolen
som har skoleveg kortare enn 2 km og for dei elevane i 2.-10. klasse som har
skoleveg kortare enn 4 km.
§ 5. Klasseskipnaden
Nr. 1 første ledd skal lyde:
Elevtalet skal ikkje vere over 12 i
udelt, 30 i todelt, 50 i tredelt og 84 i firedelt skole. I femdelt og
seksdelt skole skal årgangstalet i regelen ikkje vere over 15.
Nytt nr. 1 tredje ledd skal lyde:
1. klasse/førskolen med meir enn 18
elevar skal ha to lærarar i kvar undervisningstime. Delar av undervisninga
kan likevel gjevast med éin lærar, dersom det blir kompensert i andre delar
av undervisninga.
§ 7. Undervisninga
Nr. 2 skal lyde:
| 2. | Læreplanen
skal til vanleg femne om kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering,
norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet,
naturen og om opplæring estetisk, praktisk og sosialt. |
Nr. 4 nytt andre og tredje ledd skal lyde:
Undervisninga i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering skal:
| - | gje grundig kjennskap til Bibelen og kristendommen som kulturarv og evangelisk-luthersk tru, |
| - | gje kjennskap til andre kristne kyrkjesamfunn, |
| - | gje kjennskap til andre verdsreligionar og livssyn, etiske og filosofiske emne, |
| - | fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar. |
Faget skal fremje forståing, respekt
og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trus- og
livssynsspørsmål.
§ 18. Krav til utdanning m.m.
Nr. 3 første ledd skal lyde:
Den som skal undervise i
kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, skal ta
utgangspunkt i skolen sin føremålsparagraf og presentera kristendommen, dei
ulike religionar og livssyn ut frå sin eigenart. Dei same pedagogiske
prinsipp skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emne.
Nr. 3 andre ledd bortfaller.
§ 40. Målet i skolen
Nr. 5 og nr. 6 første ledd skal lyde:
| 5. | Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i begge målformer. Departementet fastset dei nærmare føresegner for slik undervisning. Frå åttande klassesteget avgjer elevane sjølve kva målform dei skal nytte. |
| Departementet kan gje føresegner om fritak frå opplæring i sidemålet. |
| 6. | Foreldra
for minst 10 elevar på eit av klassestega 1-7 som ønskjer at borna deira
skal få nytte eit anna skriftleg opplæringsmål enn det som er vedteke for skolen,
kan krevje klassedeling dersom det ikkje blir mindre enn 10 elevar i kvar klasse.
|
§ 40 a. Samisk i opplæringa
Nr. 1 skal lyde:
| 1. | Born i samiske distrikt har rett til å få opplæring i eller på samisk. Frå og med åttande klassesteget er det elevane sjølve som tek avgjerd. |
| Elevar med opplæring i eller på samisk blir fritekne for opplæring i ei av dei norske målformene på 9. og 10. klassesteg. |
§ 13. Grunnskole
§ 13 andre ledd skal lyde:
Den som ikkje har allmennlærarutdanning, kan på barnesteget berre tilsetjast for undervisning i einskilde fag. Statens utdanningskontor eller departementet kan gjere unntak frå dette kravet når særlege omsyn gjer det naudsynt eller ønskjeleg. Førskolelærar kan tilsetjast etter føresegner gjevne av departementet eller når særlege omsyn elles gjer det ønskjeleg.
Denne lova trer i kraft frå den tida Kongen fastset. Kongen kan fastsette at dei ulike delane av lova trer i kraft til ulik tid.
Stortinget ber Regjeringen utrede personellsituasjonen ved udelte og todelte skoler med tanke på å sikre 6-åringene reell mulighet til opplæring der lek skal være et hovedelement.
Stortinget ber Regjeringen i
forbindelse med proposisjon om opplæringslovene å komme tilbake med en bred
vurdering av fritaksretten knyttet til faget kristendomskunnskap med
religions- og livssynsorientering. En slik vurdering må innbefatte en
juridisk vurdering og legge til grunn at grunnskolens formålsparagraf
opprettholdes, og at de internasjonale konvensjoner som Norge har tiltrådt,
skal overholdes.
| Oslo, i kirke-, utdannings-
og forskningskomiteen, den 8. mai 1996. |
| Jon Lilletun, | Øystein Djupedal, | Siri Frost Sterri, |
| leder. | ordfører. | sekretær. |