|
Forslag 1
§ 6 nytt første punktum skal lyde:
For å utjamne forskjellar i lønsemd i
melkeproduksjonen mellom ulike produsentar som følgje av ulik bruk av
mjølka, ulik anleggsstorleik og geografisk betinga kostnader i
meieriindustrien eller andre regionale forskjellar, kan departementet
fastsetja ei utjamningsavgift på einskilde mjølkeprodukt.
Forslag 2
Ny § 10 skal lyde:
Departementet kan gje Omsetningsrådet
rett til å fastsetja at meieri, meierisamskipnader eller mjølkehandel skal
vera pliktige til ogso å taka imot mjølk frå utanforståande produsentar
sovel som for andre leverandørar.
Forslag 3
§ 11 nytt andre ledd skal lyde:
Dei pengane som kjem inn etter § 6 kan
berre nyttast til å utjamne prisskilnader som har si årsak i ulik bruk av
mjølka, ulik anleggsstorleik og geografisk betinga kostnader i
meieriindustrien eller andre regionale forskjellar.
Forslag 4
§ 17 nytt andre punktum skal lyde:
Departementet skal dekke tilskotsordningane knytta til markedsordninga for mjølk over eige budsjett.
Forslag 5
§ 5 nytt andre ledd skal lyde:
Medlemmer av et enkeltmeieri som er
gjenstand for vedtak i distriktsmeieriet om nedlegging kan anke avgjørelsen
inn for Kongen.
Forslag 6
Ny § 8 skal lyde:
I område med meieriselskap som konkurrerer kan Omsetningsrådet etter nærare retningsliner pålegge meieriselskapa å samordne inntransport kor slik samordning gjer vesentlege reduksjonar i transporten.
Forslag 7
Stortinget ber Regjeringen foreslå de nødvendige lovendringer slik at private meierier kan etableres uavhengig av den nye markedsordningen for melk. »