Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.32 (1996-1997)
Innstilling fra kontrollkomiteen om lov om endringar i lov av 1. mars 1985 nr. 3 om stortingsvalg, fylkestingsvalg og kommunestyrevalg (Valgloven).


oversikt første forrige neste

2. HOVUDPUNKT I FORSLAGET

       Departementet foreslår i proposisjonen ei ordning med følgjande hovudtrekk:

-Postverket tek over ansvaret for all førehandsrøysting innanriks (med unntak av Svalbard og Jan Mayen), inkludert førehandsrøysting på institusjonar og ambulerande røystmottak, etter mønster av ordningane i Sverige og Finland. Postrøysting erstattar førehandsrøysting i regi av kommunane.
-Utanom postkontora tek landpostbod og utsendte postfunksjonærar imot førehandsrøyster.
-Postrøystinga startar 10. august i valåret.
-Det blir ikkje opna for postrøysting på valdagen.
-Postrøystinga blir avslutta torsdag før valdagen.
-Postrøysta (førehandsrøysta) blir endeleg, dvs. at det ikkje lenger blir høve til å røyste om att på valtinget for veljarar som har førehandsrøysta.
-Det skal framleis vere opp til kommunestyret å avgjere om det skal vere ein eller to dagars val i kommunen.
-Det blir innført ei obligatorisk ordning med valkort som veljaren må ha med for å kunne førehandsrøyste hos Postverket (kravet om å ha med valkort skal ikkje gjelde dei som røystar på valdagen).
-Kommunane skal framleis ha ansvaret for å utarbeide manntal.


oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon