Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.54 (1996-1997)
Innstilling frå finanskomiteen om endringar i lov av 19.juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift.


oversikt første forrige neste

6. SÆRLEG OM AUKSJON

Samandrag

       Ei registrert auksjonsverksemd vil etter framlegget vere omfatta av definisjonen av vidareforhandlar. Ei auksjonsverksemd som sel varer på oppdrag frå privatpersonar og verksemder utan frådragsrett, vil kunne nytte avansen som grunnlag for utrekning av avgifta.

       Finansdepartementet arbeider for tida med ein eigen lovproposisjon om endring av meirverdiavgiftsreglane om den omsetning som finn stad i samband med panthavar si overtaking av pant, omsetning av abandonerte varer og ved tvangsdekning i lausøyre. Spørsmålet om meirverdiavgift på varer omsett på tvangsauksjon vil bli vurdert nærmare i samband med dette arbeidet.

Komiteens merknader

       Komiteenhar ingen merknader og slutter seg til proposisjonen.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon