|
Innhaldet i gjeldande første ledd nr. 1 bokstav a blir vidareført, men det blir gjort framlegg om at definisjonen av kva for kunstverk som er omfatta av unntaket blir teke inn i forskrift fastsett med heimel i § 5 siste ledd, sjå kap. 7.3.6 og kap. 7.6.2 i proposisjonen.
Vidareforhandlarar som kjøper kunstverk av kunstnaren eller mellommann som nemnt i regelen, kan rekne avgift av avansen ved vidaresalet av kunstverket, sjå kap. 7.6.3 i proposisjonen og nytt kap. XVIa.
Opphevinga av regelen i første ledd nr. 6 inneber at omsetning av frimerke, setlar og myntar som samleobjekt ikkje lenger vil vere utanfor avgiftsområdet. Dette gjeld og postverket si omsetning av frimerke, setlar og myntar som samleobjekt. Skiljet mellom slike varer som blir omsett i pakker, sett o.l., og anna omsetning av desse varene blir dermed oppheva. Frimerke til bruk som frankeringsmiddel og setlar og myntar til bruk som gyldige betalingsmiddel, vil etter framlegget framleis vere utanfor avgiftsområdet, jf. meirverdiavgiftslova § 2 siste ledd.
Vidareforhandlarar kan rekne avgift av avansen ved vidaresal av frimerke, setlar og myntar som tener som samleobjekt, sjå nytt kap. XVIa.
Komiteen slutter seg til forslaget til
endringer i § 5 første ledd nr. 1 bokstav a, jf. merknad under pkt. 7.2.
Komiteens flertall, alle unntatt
medlemmet fra Rød Valgallianse, mener at omsetning av frimerker, sedler og
mynter fortsatt skal omfattes av unntaket fra avgiftsplikten. Flertallet
går derfor imot at § 5 første ledd nr. 6 første punktum blir opphevet, jf.
merknad under pkt. 7.4.
Komiteens medlem fra Rød Valgallianse
viser til merknad og forslag om å oppheve § 5 første ledd nr. 6 første
punktum under pkt. 7.4.
Komiteens flertall, medlemmene fra
Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, vil stemme
imot opphevelse av § 5 første ledd nr. 6 annet punktum, jf. merknader under
pkt. 7.4. foran.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen mener at frimerker omsatt i pakker, sett o.l. også skal omfattes av fritaket. Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn forslag om å oppheve § 5 første ledd nr. 6 annet punktum, jf. merknad og forslag under pkt. 7.4.
Samandrag
Opphevinga av § 16 første ledd nr. 4
andre punktum inneber at varer som har vore til bruk privat eller til andre
formål som ikkje har gitt rett til frådrag for inngåande avgift kan seljast
avgiftsfritt, og når seljaren driv omsetning av varer av same slag i si
næringsverksemd. Ved sal av privat lausøyre m.v. vil slike seljarar etter
lovframlegget ikkje lenger bli identifiserte med næringsverksemda si, slik
tilfellet er no.
Komiteens merknader
Komiteens flertall, alle unntatt
medlemmet fra Rød Valgallianse, slutter seg til forslaget i proposisjonen og
er enig i at § 16 første ledd nr. 4 siste setning oppheves, jf. merknader
foran under pkt. 7.5.
Komiteens medlem fra Rød Valgallianse vil stemme mot den foreslått endringen.
Samandrag
Nytt sjette ledd gir informasjon om at
det er teke inn særlege reglar om grunnlaget for utrekninga av avgifta ved
omsetning av brukte varer m.v. i nytt kap. XVIa.
Komiteens merknader
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet,
Høyre, Kristelig Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen er
enig i at det gis en henvisning som foreslått i § 18 nytt sjette ledd, men
disse medlemmer mener at de nye særreglene, av hensyn til systematikken i
loven, bør føres inn i et nytt kap. Va, og at henvisningen i § 18 sjette
ledd derfor må være til § 20b, jf. forslag under pkt. 3 foran.
Komiteens medlemer fra Arbeiderpartiet
og Sosialistisk Venstreparti slutter seg til Regjeringens forslag, jf.
forslag tatt opp under pkt. 3 foran.
Komiteens medlem fra Rød Valgallianse vil stemme mot de foreslåtte endringene, jf. merknad under pkt. 3 foran.
Samandrag
Ved innførsel av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar skal det etter andre ledd reknast avgift av eit lågare grunnlag enn det som følgjer av hovudregelen i § 62 første ledd, jf. kap. 7.4.1 i proposisjonen.
Ved innførsel av andre brukte varer skal grunnlaget for utrekninga av avgifta fastsetjast etter reglane i § 62 første ledd.
I femte ledd blir det teke inn heimel
for departementet til å kunne fastsetje nærmare reglar om lågare
utrekningsgrunnlag ved innførsel av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar.
Komiteens merknader
Komiteens flertall, alle unntatt
medlemmene fra Rød Valgallianse, slutter seg til Regjeringens forslag, jf.
merknader under pkt. 5 foran.
Komiteens medlem fra Rød Valgallianse vil stemme mot forslaget.
§ 5 første ledd nr. 6 bokstav a og b er ikkje lenger med i opplistinga i første ledd av varer som er fritatt frå avgift ved innførsel. Endringa er ei følgje av framlegget om oppheving av avgiftsunntaket i § 5 første ledd nr. 6 for frimerke, setlar og myntar som tener som samleobjekt, og inneber at det skal betalast meirverdiavgift ved innførsel av frimerke, setlar og myntar som tener som samleobjekt, jf. merknadene til § 5 første ledd nr. 6 og § 62 nytt andre og femte ledd.
Innhaldet i gjeldande andre ledd blir vidareført, men definisjonen av kva for kunstverk som er omfatta av fritaket vil etter framlegget bli teke inn i forskrift, sjå kap. 7.3.6 og kap. 7.6.2 i proposisjonen.
Tredje ledd inneheld heimel for departementet til blant anna å gjere avgrensing av kva for kunstverk som skal vere omfatta av fritaket i § 63 andre ledd. Definisjonen vil vere identisk med definisjonen av kunstverk som blir gitt med heimel i § 5 siste ledd, jf. merknader til § 5 første ledd nr. 1 bokstav a.
Komiteen slutter seg til endringen under § 63 annet ledd, jf. merknader under pkt. 7.2 foran.
Komiteen slutter seg videre til
endringen under § 63 tredje ledd, jf. merknad under pkt. 7.4 foran.
Komiteens flertall, alle unntatt
medlemmet fra Rød Valgallianse, går imot Regjeringens forslag til endring av
§ 63 første ledd, jf. merknad under pkt. 7.4. foran.
Komiteens medlem fra Rød Valgallianse viser til merknad og forslag til endring av § 63 første ledd under pkt. 7.4. foran.
I første ledd er det lagt fram reglar om kva for subjekt som kan nytte avansesystemet. Etter framlegget gjeld dette berre avgiftspliktige vidareforhandlarar.
Det følgjer av meirverdiavgiftslova § 10 første ledd at omsetning ved kommisjon og auksjon er avgiftspliktig omsetning. Det blir i framlegget til § 66a første ledd presisert at « vidaresal » også omfattar desse omsetningsformene. Uttrykket « innkjøper m.v. » skal inkludere det forhold at kommisjonær eller auksjonarius tek inn varer for vidaresal.
Første ledd gir vidare reglar om kva for varer som er omfatta av avansesystemet. Omgrepa « brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar » vil bli nærmare definerte i forskrift.
I andre ledd er det slått fast at avansesystemet er frivillig, jf. ordet « kan ». Avgiftspliktige vidareforhandlarar kan i kvart enkelt tilfelle velje å nytte dei alminnelege reglane for utrekning av avgift, det vil seie at avgifta blir rekna av heile salsvederlaget. Dette vil og seie at vidareforhandlarar i si verksemd kan nytte begge systema.
I tredje ledd er det teke inn reglar om kva for subjekt vidareforhandlaren kan skaffa varer frå, for å kunne nytte avansesystemet. Etter regelen kan vidareforhandlaren nytte avansesystemet når varene er skaffa frå seljarar som ikkje skal rekne avgift av salet eller føre avgift i salsdokument, og som ikkje har frådragsrett for inngåande avgift.
Avgiftspliktige vidareforhandlarar kan etter regelen i fjerde ledd nytte avansesystemet ved vidaresal av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar dei sjølv importerer. Det er i desse tilfella ein føresetnad at vidareforhandlarane ikkje frådragsfører avgifta pålagt ved innførselen. Framlegget er endra i forhold til høyringsnotatet på dette punktet.
Komiteenviser til sine respektive
merknader under pkt. 3 foran.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet,
Høyre, Kristelig Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen
forslår en endring i den lovtekniske plasseringen av bestemmelsene ved at
disse legges under kap. Va, § 20a. Disse medlemmer går dessuten inn for at
betalt importavgift skal være fradragsberettiget for videreforhandler, noe
som medfører at siste setning i departementets forslag til tekst i den
aktuelle paragrafen må strykes, jf. pkt. 5.
Komiteens medlemmer fra
Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti slutter seg til Regjeringens
forslag.
Komiteens medlem fra Rød Valgallianse vil stemme mot forslagene til endring.
Første ledd i lovframlegget inneheld nærmare reglar om grunnlaget for utrekninga av meirverdiavgifta for omsetning av brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar. Utrekningsgrunnlaget for desse varene er avansen. Avansen kjem ein fram til ved å trekkje kjøpspris frå salspris. Sjølve avgifta skal ikkje reknast med i grunnlaget.
Andre ledd inneheld nærmare reglar om grunnlaget for utrekninga av meirverdiavgifta ved innførsel av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar som vidareforhandlaren sjølv har innført til landet. Utrekningsgrunnlaget i desse tilfella er avansen. Avansen kjem ein fram til ved å trekkje innkjøpspris frå salspris. Sjølve avgifta skal ikkje reknast med i grunnlaget. Innkjøpsprisen vil vere utrekningsgrunnlaget fastsett etter § 62 første ledd, basert på tollverdien, med tillegg av avgift betalt ved innførselen. Innførselsmeirverdiavgifta blir rekna av eit lågare grunnlag, jf. § 62 nytt andre ledd.
Tredje ledd slår fast at dersom kjøpsprisen overstig salsprisen, kan differansen ikkje trekkjast frå i utrekningsgrunnlaget for andre sal. Unntak gjeld i tilfelle der reglane om samla terminvis utrekningsgrunnlag blir nytta, jf. sjette ledd.
Etter fjerde ledd må vidareforhandlarar ikkje føre avgiftsbeløp i salsdokumentet dersom avansen blir nytta som utrekningsgrunnlag.
I femte ledd blir det presisert at lova sine alminnelege reglar skal nyttast ved utførsel av brukte varer m.v. Dette gjeld likevel ikkje i dei tilfella der vidareforhandlarane nyttar reglane om samla terminvis avanse, jf. sjette ledd, og noko av omsetninga refererer seg til utførsel. Fordi det vil vere rekneskapsmessig umogleg å identifisere desse varene, skil ein i slike tilfelle ikkje mellom sal innanlands og sal til andre land.
Sjette ledd fastset reglar for dei tilfella der det ikkje er mogleg å rekne ut avgifta på grunnlag av kjøps- og salsprisen på den enkelte vare. Dette gjeld i tilfelle der vidareforhandlaren gjer eit samla innkjøp, til eksempel eit dødsbu, der det i salsdokumentet ikkje er ført opp pris på kvar enkelt vare. Same forhold vil kunne gjere seg gjeldande der ei enkelt vare inngår i eit vidaresal av fleire varer som blir selte under eitt, til eksempel sal av ei samling frimerke. Regelen slår fast at utrekningsgrunnlaget i desse tilfella kan fastsetjast samla og terminvis. Reglane om samla terminvis utrekningsgrunnlag kan nyttast og for andre brukte varer m.v. der kjøps- og salsprisen er kjent, dersom samla kjøp eller sal utgjer den hovudsaklege del av vidareforhandlaren sine kjøp og sal i terminen. Dersom verdien av kjøp overstig verdien av sal i terminen, kan differansen overførast til neste termin og bli rekna med i verdien av samla kjøp for denne terminen.
Komiteenviser til sine respektive
merknader under pkt. 3 foran.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet,
Høyre, Kristelig Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen
forslår en endring i den lovtekniske plasseringen av bestemmelsene ved at
disse legges under kap. Va, § 20b. Disse medlemmer går dessuten inn for at
betalt importavgift skal være fradragsberettiget for videreforhandler, noe
som medfører at siste del av siste setning i andre ledd i Regjeringens
forslag til tekst i den aktuelle paragrafen må strykes, jf. pkt. 5.
Komiteens medlemmer fra
Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti slutter seg til Regjeringens
forslag.
Komiteens medlem fra Rød Valgallianse vil stemme mot forslagene til endring.
Samandrag
Regelen gir blant anna departementet
fullmakt til å definere omgrepa « brukte varer, kunstverk, samleobjekt og
antikvitetar », sjå kap. 7.3.6 i proposisjonen.
Komiteens merknader
Komiteenviser til sine respektive
merknader under pkt. 3 foran.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet,
Høyre, Kristelig Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen
forslår en endring i den lovtekniske plasseringen av bestemmelsene ved at
disse legges under kap. Va, § 20c.
Komiteens medlemmer fra
Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti slutter seg til Regjeringens
forslag.
Komiteens medlem fra Rød Valgallianse vil stemme mot forslagene til endring.