|
Forslag 1
§ 12 annet ledd skal lyde:
Garantien skal gjelde fram til to år
etter overtakinga og dekkje ein sum som minst svarer til fem prosent av
vederlaget. For krav som blir gjorde gjeldande på eit seinare tidspunkt enn
i samband med overtakinga, kan garantisummen likevel vere tre prosent av
vederlaget.
§ 12 nytt tredje ledd skal lyde:
For avtalar som omfattar rett til
grunn (§ 1 første ledd bokstav b), skal garantien gjelde fram til to år
etter overtakinga og dekkje ein sum som minst svarar til tre prosent av
vederlaget. For krav som blir gjorde gjeldande før overtakinga, kan
garantisummen likevel vere to prosent av vederlaget. Dessutan gjeld § 47
andre og tredje ledd som garanti for forskotsbetaling.
§ 12 tredje ledd blir fjerde ledd.
§ 12 fjerde ledd blir femte ledd og skal lyde:
Garanti skal gjevast i form av
sjølvskuldgaranti eller tilsvarande frå ein finansinstitusjon som har rett
til å tilby slik teneste i Noreg. Likt med garanti skal reknast deponering
av pengesum i finansinstitusjon som nemnd i første punktum på tilsvarande
vilkår.
§ 12 femte ledd blir sjette ledd.
§ 30 første ledd andre punktum skal lyde:
Ein mangel kan ikkje gjerast gjeldande
seinare enn fem år etter overtakinga.
§ 42 tredje ledd andre punktum skal lyde:
§ 12 fjerde ledd gjeld tilsvarande.
§ 63 første ledd andre punktum skal lyde:
Kravet kan ikkje meldast seinare enn fem år etter overtakinga av den ytinga som oppdraget knyter seg til, om ikkje konsulenten har teke på seg å svare for feil i lengre tid.
Forslag 2
§ 3 første ledd nytt første punktum skal lyde:
Om ikkje anna er avtalt på forhånd kan
ikkje forbrukaren krevje endringar eller tilleggsarbeid som vil endre
vederlaget med 15 prosent eller meir.
§ 7 første ledd første punktum skal lyde:
Entreprenøren skal utføre arbeidet på fagleg godt vis og elles vareta forbrukaren sine interesser med tilbørlig omsut.
Forslag 3
§ 2 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:
Som forbrukar etter denne lov gjeld
òg samanslutning av forbrukarar, som t.d. burettslag.
§ 3 andre ledd skal lyde:
Avtale millom partene skal vera
skriftleg.
§ 10 første ledd første punktum skal lyde:
Entreprenøren skal overhalde
skriftlege fristar ...
§ 18 nytt annet ledd skal lyde:
Dagmulkt gjelder òg ved forseinka dellevering eller deloppfylling av avtale.