Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.13 (1998-1999)
Innstilling fra næringskomiteen om lov om endringer i lov av 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. (jordskifteloven).


oversikt første" forrige

Komiteens tilråding

       Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og vil råde Odelstinget til å gjøre følgende

vedtak til lov
om endringer i lov av 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a.

I.

§ 61 andre ledd skal lyde:

       Dom etter § 17 og rettsfastsettande vedtak etter § 17a kan ankast til lagmannsretten. Rettsforlik kan ankast til lagmannsretten i samsvar med § 286 andre ledd i lov 13.  august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål. Vedtak etter § 87 første punktum i saker etter § 6 første til tredje ledd kan ankast til lagmannsretten når det gjeld rettsbruk og sakshandsaming. Det same gjeld for vedtak etter § 62 femte og sjette ledd i saker der jordskifteretten held skjønn etter § 6 første til tredje ledd. I saker som nemnt i § 6 første til fjerde ledd, kan rettsbruken, sakshandsaminga og erstatningsutmålinga ankast til lagmannsretten. For øvrig kan jordskifterettens avgjerder i saker som nemnt i § 6 første til fjerde ledd, berre påkjærast etter tredje ledd.

§ 61 tredje ledd bokstav d skal lyde:

       Avgjerd om gebyr og sideutgifter etter § 74.

§ 62 femte ledd skal lyde:

       Når jordskifteretten finn det tenleg, kan vedtak om fremme av jordskifte, jf. § 14 første ledd andre punktum, stillast til påanking til jordskifteoverretten straks.

§ 74 første ledd skal lyde:

       For jordskiftesak, grensegangssak og rettsutgreiingssak behandla ved jordskifterett skal ein betale 5 gonger rettsgebyret i registreringsgebyr og 1,5 gong rettsgebyret pr. part (partsgebyr). Ved grensemerking skal det betalast 2 gonger rettsgebyret pr. påbegynte 0,5 km (grenselengdegebyr).

§ 74 andre ledd nytt andre og tredje punktum skal lyde:

       Når jordskifte vert krevd med heimel i § 5 femte ledd og jordskifteretten held skjønnet i medhald av § 6, skal sideutgiftene betalast forskottsvis av den som har krevd skjønnet. Kan utgiftene ikkje fastsetjast på førehand, skal det betalast så store forskott som vedkomande jordskiftedommar meiner er tilstrekkelege.

§ 74 nytt åttande ledd skal lyde:

       Jordskifteretten kan endre dei samla gebyrkostnadene dersom arbeidstida i saka avvik nemnande frå det vanlege.

§ 91 første ledd første punktum skal lyde:

       Avgjerd tatt ved offentleg jordskifte og rettsutgreiing og i grensegangssak er tvangsgrunnlag.

§ 91 første ledd andre punktum skal lyde:

       Når avgjerda er endeleg, kan ho settast i verk etter reglane om fullføring av dom.

II.

       Loven trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer.

Oslo, i næringskomiteen, den 19. november1998.

Odd Roger Enoksen, Modulf Aukan, Kjell Opseth,
leder. ordfører. sekretær.


oversikt første" forrige


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon