|
Komiteen viser til proposisjonen og
rår Odelstinget til å gjøre slikt
I
lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og
private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova) skal det
gjerast desse endringane:
§ 25 nr. 4 skal lyde:
Departementet kan dra godkjenninga
attende dersom vilkåra i denne lova ikkje vert fylte.
§ 26 tilskottsregel nr. 1 skal lyde:
Tilskotsregel nr. 1
Grunnskular for funksjonshemma.
| a) | Alle driftsutgifter vert dekte ved statstilskot. Departementet fastset tilskotet på grunnlag av framlagde planar og budsjettframlegg. Så langt råd vert normalsatsen pr elev pr skuleår lagd til grunn. |
| b) | Skulane kan etter søknad få statstilskot til investeringsutgifter. |
| c) | Utgifter
til elevreiser vert dekte etter gjeldande reglar i lov om grunnskulen. |
§ 26 tilskottsregel nr. 3 skal lyde:
Tilskotsregel nr. 3
Vidaregåande skular som tidlegare
hadde parallellar i tilsvarande statlege skular: 85 % av dei driftsutgifter
som kjem inn under tilskotsgrunnlaget vert dekt ved statstilskot. Så langt
råd vert dette rekna etter ein normalsats pr heilårselev.
§ 26 tilskottsregel nr. 4 innleiinga skal lyde:
Vidaregåande skular som kan
godkjennast etter § 3 bokstav a, b og d i lova her:
§ 26 tilskottsregel nr. 5 vert oppheva.
§ 26 tilskottsregel nr. 7 andre leddet andre punktum skal lyde:
Utgifter til pensjonsinnskot skal
likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 % av
gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skular.
§ 26 tilskottsregel nr. 7 andre leddet noverande andre til fjerde punktum
vert tredje til nytt femte punktum.
§ 26 tilskottsregel nr. 8 andre leddet andre, tredje og fjerde punktum skal lyde:
Utgifter til pensjonsinnskot skal
likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 % av
gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skular.
Tilskotsgrunnlaget vert fastsett av Stortinget. Tilskotet vert knytt til
ein normalsats pr elev særskilt for barnesteget og ungdomssteget rekna ut
for grunnskular i Noreg, jamfør tilskotsregel nr. 7.
§ 26 tilskottsregel nr. 10 skal lyde:
Tilskotsregel nr. 10
Departementet kan gje forskrift om at
| a) | statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i Noreg eller i utlandet, skal kunne få tilskot etter denne lov til kompletterande undervisning, og at |
| b) | statsborgarar
i Noreg eller ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale
vidaregåande skular i Noreg eller i utlandet, skal kunne få tilskot til
delvis dekning av skulepengar. |
§ 26 tilskottsregel nr. 11 vert oppheva.
§ 27 første ledd skal lyde:
Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal koma elevane til gode.
Lova tek til å gjelde frå den tida
Kongen fastset.
| Oslo, i kirke-, utdannings-
og forskningskomiteen, den 26. november 1998. |
| Grete Knudsen, | Arne Lyngstad, | Rune E Kristiansen, |
| leder. | ordfører. | sekretær. |