|
Komiteen viser til proposisjonen og
rår Odelstinget til å gjøre følgende
Ny § 1a skal lyde:
Barn som ikkje er fylt 12 år og som vert adoptert av norsk statsborgar, får ved adopsjonen norsk borgarrett såframt:
| a) | barnet vert adoptert ved løyve frå departementet, jf. lov av 28. februar 1986 nr. 8 om adopsjon § 1 , eller |
| b) | barnet vert adoptert ved utanlandsk adopsjon og departementet har samtykka til adopsjonen på førehand, jf. lov av 28. februar 1986 nr. 8 om adopsjon § 22 . |
Barn mellom 12 og 18 år som vert
adoptert av norsk statsborgar på slik måte som nemnt i første ledd bokstav a
eller b, får norsk borgarrett såframt den eller dei av adoptivforeldra som
har foreldreansvaret gjev inn skriftleg melding til den tenestemakta som
Kongen fastset. Barnet må samtykke i at slik melding vert gjeve inn.
Ny § 2a skal lyde:
Barn under 18 år med foreldre som ikkje har vore gift med kvarandre, får norsk borgarrett etter faren såframt han har teke på seg farskapen i samsvar med reglane i lov av 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre § 4 eller farskapen er fastsatt ved dom, og faren var norsk borgar då barnet vart fødd. Dersom faren døydde før barnet vart fødd, men hadde teke på seg farskapen, eller farskapen seinare vert fastsett ved dom, er det avgjerande om faren var norsk borgar då han døydde.
Det er eit vilkår at den eller dei som har foreldreansvaret for barnet gjev inn skriftleg melding til den tenestemakta Kongen fastset. Barnet må samtykke i at slik melding vert gjeve inn dersom det har fylt 12 år.
§ 14 første ledd oppheves.
Denne lov trer i kraft fra den tid
Kongen bestemmer. Kongen kan gi nærmere overgangsbestemmelser.
| Oslo, i justiskomiteen,
den 11. februar 1999. |
| Kristin Krohn Devold, | Åse Wisløff Nilssen, | Jan Simonsen, |
| leder. | ordfører. | sekretær. |