Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.51 (1998-1999)
Innstilling frå justiskomiteen om lov om styrking av menneskerettane si stilling i norsk rett (menneskerettsloven).


oversikt første forrige neste

2. Bakgrunnen for forslaget

       Justisdepartementet oppnevnte i 1989 eit utval til å vurdere og leggje fram forslag om innarbeiding av sentrale menneskerettskonvensjonar i norsk lov. Utvalet si utgreiing er trykt som NOU 1993:18 Lovgivning om menneskerettigheter.

       Utvalet foreslo ein grunnlovsregel som gjev styresmaktene pålegg om å respektere og sikre menneskerettane, men tilrådde at sjølve inkorporeringa av menneskerettskonvensjonar burde skje ved lov. Utvalet sitt lovforslag går ut på at den europeiske menneskerettskonvensjon (1950) og dei to FN-konvensjonane om høvesvis økonomiske, sosiale og kulturelle rettar og sivile og politiske rettar (1966), skal gjelde som lov i den grad dei er bindande for Noreg.

       Høyringsinstansane er i hovudsak positive til utvalget sitt forslag.

       Stortinget gjekk i 1994 einstemmig inn for det forslaget til grunnlovsregel som utvalet hadde tilrådd, jf. Innst.S.nr.172 (1993-1994). Regelen er teken inn i Grunnloven som § 110c og lyd:

       « Det paaligger Statens Myndigheder at respektere og sikre Menneskerettighederne.
       Nærmere Bestemmelser om Gjennomførelsen av Traktater herom fastsættes ved Lov. »


oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon