|
Regjeringa kjem i proposisjonen med framlegg til ny lov om korleis ein skal gjennomføre Traktat av 10. september 1996 om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar (Prøvestansavtalen).
Det vert i proposisjonen synt til at spørsmålet om samtykke til ratifikasjon av traktaten er lagt fram for Stortinget som eiga sak, jf. St.prp. nr. 41 (1998-1999) og Innst.S.nr.150 (1998-1999). Traktaten trer i kraft 180 dagar etter den dagen 44 namngjevne land, som blant anna står på Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) si liste over land med kjernefysiske anlegg, og som formelt har delteke i forhandlingane om traktaten, har ratifisert denne. Traktaten var pr. 15. april 1999 ratifisert av til saman 32 land, av dei 16 av dei namngjevne landa. Det er avgjerande at atommaktene Frankrike, Kina, Russland, Storbritannia og USA har slutta seg til traktaten. Av desse hadde pr. 15. april 1999 Storbritannia og Frankrike ratifisert traktaten.
Det vert i proposisjonen synt til at Noreg sine plikter etter traktaten i dei aller fleste høve reknast å følgje av allereie eksisterande lover. Regjeringa har likevel funne det klargjerande og ryddig med ei eiga gjennomføringslov for traktaten, slik ein har for ein del andre internasjonale konvensjonar, for å sikre gjennomføring av det inspeksjonssystemet som traktaten set opp, og dessutan pliktene til å forby alle handlingar som er i strid med traktaten, samt pliktene til å setje i verk dei tiltaka som er naudsynte for å nå måla i traktaten.
I kap. 2. i proposisjonen vert det gjort nærare greie for tilhøvet til gjeldande rett.
I kap. 3 om administrative og økonomiske konsekvensar av lovutkastet vert det m.a. halde fram at konsekvensane truleg vert svært avgrensa.
I kap. 4 som inneheld kommentarar til lovutkastet, vart det m.a. synt til at Justisdepartementet i sitt høyringsbrev har gjeve uttrykk for at det kan vere føremålstenleg å utarbeide ei samla lov om prøvestansavtalen, kjemivåpenkonvensjonen, landminekonvensjonen og eventuelt òg CFE-avtalen. Dersom dette ikkje vert gjort i samband med prøvestansavtalen, føreset Justisdepartementet at det vert vurdert og om mogleg føreslege ved neste gjennomføring i norsk rett av ein tilsvarande konvensjon.