Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.20 (1999-2000)
Innstilling frå næringskomiteen om lov om endringer i lov 13. juni 1997 nr 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven)


oversikt første forrige neste

2. Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Einar Johansen, Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan og Kurt-Arne Langeland, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Morten Lund, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, har fylgjande merknader:

2.1 Bakgrunnen for saka

       Komiteen syner til handsaming av serveringslova med endringar som trådte i kraft frå 1. januar 1998. Ei vesentleg endring, nemleg krav om at styrarar på serveringsstader må ha gjennomført ein etablerarprøve (§ 5) skulle utformast i forskrift og det var difor naudsynt med ei overgangsordning. Komiteen har merka seg at prosessen har teke lengre tid enn føresett. Ei slik forskrift vart sendt ut på høyring 1. juli 1998. I denne forskrifta låg det ei vidareføring av kravet i lova om at etablerarprøven skulle vera obligatorisk for alle styrarar, og det opna ikkje for at kommunane kunne ta gebyr for avlegging av slike prøvar.

       Komiteen har merka seg at Kommunenes Sentralforbund og mange av dei store kommunane uttalte seg imot at det skulle innførast ein obligatorisk etablerarprøve utan at kommunane samstundes kunne få dekka sine kostnadar. Komiteen har vidare merka seg at departementet etter dette kom til at det ville vera ei betre løysing at den einskilde kommunen skulle vurdera om styrarane ved serveringsstadene i kommunen skal avleggja etablerarprøve og at verksemda skal få serveringsløyve, og å opne for at kommunane kan krevja gebyr for arbeid knytta til dette. Komiteen stiller seg undrande til at det bare er Kommunenes Sentralforbund og større kommunar sitt syn som er gjort greie for i denne samanheng og er kjent med at arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane stødde framlegget til forskrift med visse presiseringar.

2.2 Dei einskilde framlegga

2.2.1 Kommunane skal sjølv avgjera

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Høgre har merka seg at framlegget om å gjera etablerarprøven frivillig har møtt ulike og til dels motstridande reaksjonar. Fleirtalet har også sendt framlegget ut til skriftleg høyring, og har også møtt ulike og til dels motstridande reaksjonar. Fleirtalet legg stor vekt på at arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane er imot å gjera prøven frivillig, men har registrert at Kommunenes Sentralforbund prinsipielt er imot eit slikt pålegg og subsidiært imot at kommunane ikkje skal få økonomisk kompensasjon for arbeidet knytta til dette.

       Fleirtalet avviser framlegget om å gjera prøven frivillig og syner til at ein etablerarprøve ifylgje proposisjonen skal sikra at styrar på serveringsstaden har dei naudsynte grunnkunnskapar om økonomistyring og den lovgiving ein får kontakt med ved drift av serveringsstader. Prøven skal først og fremst vera ein kontroll på at styrarane kjenner til dei plikter ein som næringsdrivande har overfor det offentlege. Fleirtalet føreset at dette også omfattar lovmessige plikter i høve til tilsette og publikum. Fleirtalet ser positivt på den innsatsen bransjen har gjort for å kjempa mot kriminalitet og useriøsitet, og ser ein etablerarprøve som eit verkemiddel i denne kampen. Fleirtalet er ikkje samd med departementet i at trongen for ein slik prøve vil variera serleg frå kommune til kommune, og ser på ulempene ved ei eventuell ulik praktisering mellom kommunane som eit viktigare moment. Ut frå dette vil fleirtalet oppretthalda § 5 første ledd i lova slik han vart vedteken i 1998, og føreset at forskriftene vert utforma i tråd med ovanståande.

       Fleirtalet har vurdert eventuelle unntaksreglar, og ber departementet utforma forskriftene slik at styrarar som gjennom si utdanning kan dokumentera tilsvarande kunnskap får unntak frå kravet om etablerarprøve. Etter fleirtalet sitt syn vil det måtta gjelda styrarar med hotellhøgskule og styrarar med fagbrev i aktuelle fagområde som kan dokumentera valfag i etablerarkunnskap. Fleirtalet ber departementet i samråd med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet å vurdera å gjera dette valfaget obligatorisk i utdanningar som gjev fagbrev på dette feltet.

       Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre mener det skal være opp til hver enkelt kommune om det skal etableres krav om etablererprøve. Disse medlemmer viser til at behovet vil variere fra sted til sted og at behovet trolig vil være størst i storbyene. Det vil derfor være urimelig å kreve innføring av prøve dersom behovet ikke er reelt. Disse medlemmer mener videre at dersom en kommune innfører etablererprøve, må denne være obligatorisk for alle som skal eie et serveringssted i kommunen.

       Disse medlemmer mener at det bør utformes dispensasjonsregler for kandidater fra Hotellhøgskolen i forhold til etablererprøven. Det er ønskelig at Hotellhøgskolen skal få mulighet til å legge etablererprøven inn i sin utdanning, slik at denne er faglig forankret innenfor utdanningen. Disse medlemmer ber derfor departementet komme tilbake til Stortinget med forslag om hvordan denne etablererutdanningen kan utformes, slik at kravene til prøven innlemmes i utdanningen.

2.2.2 Høve til å ta gebyr

       Komiteen stør framlegget om å gje kommunane høve til å ta gebyr for arbeid knytta til etablerarprøven, og gjer framlegg om at § 5 annet ledd skal lyda:

       « Departementet kan i forskrift gi nærmere regler om innholdet i og gjennomføringen av etablererprøven, samt om kommunenes adgang til å kreve gebyr for prøveavleggelsen »

       Komiteen føreset at forskriftene vert utforma i tråd med dette.

2.2.3 Evaluering

       Komiteen er oppteken av at det vert arbeidd vidare med tiltak for å redusera kriminalitet og useriøsitet i serveringsbransjen og ber styresmaktene i samarbeid med partane å vurdera og iverksetja tiltak løpande. Komiteen ber om ei evaluering av kravet om etablerarprøve for å få serveringsløyve og ei drøfting av andre igangsette og aktuelle tiltak for å redusera kriminaliteten i bransjen etter 2-3 år. Dette kan leggjast fram i samband med budsjettproposisjonen eller på anna eigna måte.

       Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre støtter forslaget om en evaluering av etablererprøven tre år etter innføring av ordningen. Ordningen vil da ha virket lenge nok til at man er sikret et godt erfaringsgrunnlag for vurderingen. Evalueringen av etablererprøven bør være del av en samlet vurdering av serveringsloven.

2.3 Særmerknad fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre

       Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre viser til disse partienes merknader i denne innstillingen og fremmer følgende forslag:

« I.

       I lov 13. juni 1997 nr 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven) gjøres følgende endringer:

§ 5 skal lyde:

§ 5. Krav om etablererprøve

       Den enkelte kommune kan stille krav om at styrerne ved serveringsstedene i kommunen må ha gjennomført en etablererprøve før bevilling gis.

       Departementet kan i forskrift gi nærmere regler om innholdet i og gjennomføringen av etablererprøven, samt om kommunens adgang til å kreve gebyr for prøveavleggelsen.

§ 15 fjerde ledd første punktum skal lyde:

       Kommunen kan ved enkeltstående anledninger gi tillatelse til å lukke senere eller åpne tidligere enn til de tider som er fastsatt etter første eller annet ledd.

II.

       Loven trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer. »



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon