Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.74 (1999-2000)
Innstilling fra næringskomiteen om lov om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen


oversikt første forrige neste

Komiteens merknader

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Erling Brandsnes, Gunnar Breimo, Mimmi Bæivi, Karin Kjølmoen, Kjell Opseth og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, frå Kristeleg Folkeparti, Randi Karlstrøm og Jon Lilletun, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Morten Lund, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til at solid forskingsinnsats er ein av berebjelkane for den norske oppdrettssuksessen. Når det gjeld forsking innan tradisjonelt fiske er Noreg ein pionernasjon med forskingsinnsats som er internasjonalt anerkjent. Komiteen meiner det må leggjast vekt på at næringa får framifrå forsking for pengane utan omsyn til kven som leverer dei. Komiteen viser til handsaminga av St.meld. nr. 51 (1997-1998) Perspektiver på utvikling av norsk fiskerinæring og Innst.S.nr.93 (1998-1999) der det heiter at « det må vera ein målsetnad at Noreg skal vera verdas fremste fiskerinasjon, der me ligg fremst i utvikling av ei berekraftig ressursforvaltning, og der me ligg fremst i utvikling av fangstteknologi, havbruk og industriell utvikling », samt til St.meld. nr. 39 (1998-1999) Forsking ved et tidsskille og Innst.S.nr.110 (1999-2000), der marin forsking er peika ut som eit av fire satsingsområder.

       Komiteen er kjent med at fiskeri- og havbruksnæringa sitt samla engasjement innan forsking og utvikling har vore heller smålåte, sjølv om det finst heiderlege unnatak.

       Komiteen er nøgd med at næringa no heilhjarta støttar opp om ei FoU-avgift av generisk karakter. Komiteen vil understreka at denne nye avgifta ikkje skal erstatta verken den offentlege eller den næringsbaserte innsatsen på området. Komiteen ser svært positivt på denne satsinga og er kjend med at forskingsoppgåvene er mange og omfattande, særleg med tanke på at det ligg eit stort arbeid framfor oss med å identifisera og utløysa potensialet inna næringa. Oppgåvene strekkjer seg frå det ukjente til det velkjende, frå nye områder som bioprospektering til ferdige produkt som kunden vil ha og vil betala for. Kort sagt alt som finst frå « Bunn til munn », herunder også tiltak for å forbetra næringa si miljøtilpassing.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, meiner avgiftsnivået skal starta på 3 promille av eksportverdien og fleirtalet rår til at staten yter ein tilsvarande sum til ordninga som den inntekta av avgifta gjer seg til.

       Komiteen har grunn til å tru at behovet for næringsretta forsking inna fiskeri- og havbruksnæringa vil syna at den samla avgiftssummen kan nyttast til gode og heilt naudsynte oppgåver som næringa sjølv står bak.

       Komiteen meiner det er naturleg at sekretariatet vert knytt tett opp til Norges forskningsråd (NFR) ettersom det er føresetnaden at det skal vera løpande kontakt om strategiarbeid, arbeidsdeling og samordning av FoU-innsatsen mellom styret for ordninga og NFR. Komiteen meiner det må leggjast tilrette for ei kostnadseffektiv administrering av ordninga.

       Komiteen sluttar seg til departementet sitt framlegg om oppretting av styre og organisering av arbeidet.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, har elles ingen merknader til framlegget frå departementet.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til uttalelser fra en samlet fiskerinæring, som anbefaler at avgiften starter på 2 promille av eksportverdien, og slutter seg til næringens synspunkt. Det er næringen selv som har tatt initiativet til FoU-avgiften, og disse medlemmer mener derfor det er naturlig at næringen også får avgjørende innflytelse på nivået på avgiften. Disse medlemmene mener for øvrig at maritim forskning i fremtiden må få en langt større oppmerksomhet og sterkere prioritering fra statens side. Disse medlemmer mener ordningen bør evalueres etter at den har virket en tid bl.a for å vurdere størrelsen på avgiften, sammensetningen og organiseringen av styret og innkrevingsmodellen.

       Disse medlemmer er enige i at kunnskap som erverves gjennom brukerstyrte programmer i størst mulig grad også må tilfalle samfunnet og næringen som helhet. Det er derfor viktig at offentlige institusjoner som Norges forskningsråd og SND, men også private forsknings- og utviklingsinstitusjoner deltar i de brukerstyrte programmene.

       Disse medlemmer mener det proposisjonen omtaler som alternativ B, bør velges som innkrevingsmodell. En kombinert modell med innkreving fra laksenæringen på eksportleddet og en delt løsning i den fangstbaserte delen av næringen mellom eksportleddet (relatert til industri/marked) og førstehåndsomsetningen (relatert til fangst) vil etter disse medlemmers oppfatning kunne bidra til å gi FoU-avgiften en større legitimitet i alle ledd i fiskerinæringen.

       Disse medlemmer fremsetter følgende forslag:

« § 2 Avgift skal lyde:

       Departementet kan fastsette forskrift om at det skal betales en avgift av omsetningsverdien ved førstehåndsomsetning og av verdien av eksport av fisk og fiskevarer eller andre marine ressurser, samt varer hvor marine ressurser utgjør en vesentlig del.

       Departementet gir nærmere bestemmelser om avgiften, herunder plikten til å svare avgift, størrelsen på avgiften, beregning av avgiften, innkreving av avgiften og anvendelse av avgiftsmidlene. Departementet kan fastsette ulik avgiftssats på førstehånds- og eksportleddet.

       Skyldig avgift er tvangsgrunnlag for utlegg.

§ 4 Opplysningsplikt skal lyde:

       Aktører i førstehåndsomsetningen og eksportører av avgiftsbelagte produkter, plikter å gi de opplysninger som er nødvendige for at forvaltningen skal kunne utføre sine oppgaver etter loven. »



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon