Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.90 (1999-2000)
Innstilling frå justiskomiteen om lov om endring i utlendingslova som følgje av Schengen-samarbeidet


oversikt første forrige neste

Komiteen sine merknader

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Vidar Bjørnstad, Astrid Marie Nistad, Jan Petter Rasmussen og Ane Sofie Tømmerås, frå Framstegspartiet, Jan Simonsen og Jørn L Stang, frå Kristeleg Folkeparti, Unni Hennum Lie og Åse Wisløff Nilssen, frå Høgre, leiaren Kristin Krohn Devold og Bjørn Hernæs, og frå Senterpartiet, Tor Nymo, tek til etterretning at det er grunnlag for å endre § 25 i utlendingslova når det gjeld visumreglane i høve til vår deltaking i Schengen-samarbeidet.

       Siktemålet med Schengen-samarbeidet er at alle dei nordiske landa skal kome fullt med i det praktiske arbeidet med avtala. Komiteen har difor ingen merknad til at vi endrar vår praksis ved utskriving av visum, og at det for framtida berre vil vere fagstasjonane som kan skrive ut visum.

       Komiteen ser at det vil føre til dårlegare tilbod for dei som søkjer visum for å vitje vårt land, når dei honorære konsulata ikkje lenger vil kunne handsame visumsøknader. For at dette tilbodet ikkje skal bli dårlegare, er det viktig at vi inngår representasjonsavtaler med andre Schengen-land. Vilkåra for slike representasjonsavtaler er at det nasjonale regelverket i det landet vi inngår avtale med vert gjort gjeldande ved utskriving av visum. Komiteen vil peike på at dei fleste Schengen-landa har stort sett like nasjonale regelverk i høve til utskriving av visum. Komiteen ser det som naturleg å inngå ei representasjonsavtale med eitt av våre nordiske granneland, men er det aktuelt, bør ein òg inngå representasjonsavtale med andre Schengen-land.

       Komiteen har etter dette ingen merknad til at det vert gjort ei tilføying i utlendingslova § 25, slik det vert gjort framlegg om i Ot.prp.nr.57 (1999-2000).



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon