|
I
lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) gjøres
følgende endringer:
§ 34 skal lyde:
Foreldre har sams foreldreansvar for
sams barn. Dersom sterke grunnar talar for det, kan det treffast avgjerd om
at berre ein av foreldra skal ha foreldreansvaret. Saken skal handsamast
for retten dersom partane ikkje er samde om å bringe saka inn for
fylkesmannen.
Ny § 34a skal lyde:
Foreldra skal ha sams omsorg i tida fram til avtale eller avgjerd om omsorgen er treft. I dette ligg det at borna skal bu annakvar veke hos kvar av foreldra dersom foreldra ikkje vert samde om noko anna.
Til barnet er eitt år har foreldra sams omsorg. Mora skal likevel bu med barnet det første leveåret dersom ikkje anna vert avtala. Faren har rett til å vere saman med barnet i rimeleg mon. Dersom moren motarbeider samveret med far, skal sams omsorg etter tredje ledd gjennomførast straks.
Etter at barnet er blitt eitt år, har foreldra sams omsorg. Barnet bur då like lenge hos kvar av foreldra. Dersom ikkje anna er avtalt, bur barnet annakvar veke hos kvar av foreldra. Dersom der er problem med gjennomføringa av dette, kan kvar av partane krevje fastsatt ei anna praktisk gjennomføring. Avgjerda vert treft av retten, men av fylkesmannen dersom begge er samde om det. Foreldra delar kostnadene til transport av barna mellom heimane.
Dersom ein av foreldra hindrar at sams
omsorg kan gjennomførast, kan den andre av foreldra ved dom få omsorgen for
barnet aleine for ein periode på inntil 6 månader.
§ 35 oppheves.
§ 38 første ledd skal lyde:
I rettssak om omsorgsretten kan retten
fastsetje i ordskrud kven av foreldra som skal ha omsorgen for barn til
rettskraftig avgjerd ligg føre dersom det er skjellig grunn til mistanke om
at barnet eller forelderen blir mishandla.
§ 43 skal lyde:
Begge foreldra må samtykkje dersom
barnet skal flytte til utlandet med den eine av foreldra. Dersom den andre
foreldra ikkje samtykkjer, må saka avgjerast av retten. Retten kan berre gi
samtykke dersom omsynet til barnet talar sterkt for det.
§ 43b skal lyde:
Dersom den eine av partane i ei sak
etter barnelova har rett til fri sakførsel, har den andre parten også slik
rett utan omsyn til kva bruttoinntekt vedkommande har. Dette gjeld likevel
ikkje dersom bruttoinntekta til den med den høgaste inntekta er meir enn tre
gonger høgare enn maksimumsbeløpet for fri rettshjelp som fylgjer av
rettshjelpslova § 18 nr. 1.
Kapittel 6 Samværsrett m.m. oppheves.
Loven trer i kraft straks.