Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.86 (2000-2001)
Innstilling frå kommunalkomiteen om lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova)


oversikt første forrige neste

11. Økonomiske og administrative konsekvensar

11.1 Samandrag

       Kapittel 11 inneheld vurderingar av dei økonomiske og administrative konsekvensane av lovforslaget. Det blir lagt til grunn at lova inneber ei nødvendig fornying og klargjering av prosessar og verknader knytte til endringar av kommune- og fylkesgrensene, og at lova ikkje vil innebere store økonomiske eller administrative konsekvensar.

       Lova vil, til liks med gjeldande lov, først og fremst vere ei prosessprega lov som viser dei nærmare rammene for saksbehandling, vedtak og etterfølgjande oppgjer ved endring av grenser mellom kommunar og fylke. Det vil dermed vere talet på saker, det vil seie den praktiske bruken av lova, som vil vere avgjerande for omfanget av administrativ og økonomisk innsats.

11.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen har ingen merknader.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon