|
Komiteen viser til proposisjonen og
rår Odelstinget til å gjøre følgende
I
lov 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer, vert det
gjort følgjande endringar:
Overskrifta til lova skal lyde:
Lov om ansvar for skade som
motorvogner gjer (bilansvarslova).
§ 7 tredje ledd skal lyde:
Skadelidaren kan ikkje få skadebot
utan at særlege grunnar er for det, dersom han av fri vilje køyrde eller let
seg køyre i den vogna som gjorde skaden endå han visste at vogna var fråvend
rette innehavaren med brotsverk.
§ 7 fjerde ledd skal lyde:
Skadeliden vognførar som køyrde den vogna som gjorde skaden, kan ikkje få skadebot utan at særlege grunnar er for det dersom han visste eller måtte vita at
| a) | vogna vart nytta i samband med eit brotsverk, eller |
| b) | han
var påverka av alkohol eller andre rusande eller døyvande råder. Særregelen her
gjeld likevel ikkje i den mon ein må leggja til grunn at skaden ville ha skjedd
jamvel om vognføraren ikkje hadde vore påverka som nemnd. Hadde vognføraren større
alkoholkonsentrasjon i blodet enn 0,5 promille eller ei alkoholmengd i kroppen
som kan føre til så stor alkoholkonsentrasjon i blodet, eller større alkoholkonsentrasjon
i utandingslufta enn 0,25 milligram per liter luft, vert han i
alle tilfelle rekna for påverka av alkohol i høve til regelen her. |
§ 10 første ledd andre punktum skal lyde:
Dette gjeld likevel ikkje om
skadelidaren av fri vilje har teke plass i motorvogna som gjorde skaden endå
skadelidaren visste at ho ikkje var lovleg trygda.
§ 12 første ledd bokstav c skal lyde:
| c) | sjølv
hadde valda at han var påverka av alkohol eller andre rusande eller døyvande
råder medan han køyrde vogna og gjorde skade, eller medverka til at vogna vart
brukt endå han visste eller måtte vita at vognføraren var påverka. Dette kravet
fell bort i den mon ein må leggja til grunn at skaden ville ha skjedd jamvel
om vognføraren ikkje hadde vore påverka som nemnd. Regelen i § 7 fjerde leden
bokstav b tredje punktumet gjeld tilsvarande. |
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
| Oslo, i justiskomiteen,
den 16. mai 2001 |
| Kristin Krohn Devold | Ane Sofie Tømmerås | Jan Simonsen |
| leder | ordfører | sekretær |