Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.103 (2000-2001)
Innstilling frå justiskomiteen om lov om endringar i domstolloven m.m. (den sentrale domstoladministrasjon og dommarane si arbeidsrettslege stilling)


oversikt første forrige neste

4. Internasjonale prinsipp og domstolar

       Prinsippet om at domstolane og dommarane er uavhengige står sentralt i ei rekkje internasjonale dokument. Den fundamentale føresegna er artikkel 6 i Den europeiske menneskerettskonvensjon av 4. november 1950 (EMK). Ein av rettstryggleiksgarantiane i artikkel 6 er retten det einskilde individ har til å få avgjort saka av « en uavhengig og upartisk domstol opprettet ved lov ». Det er eit sentralt element i sjølvstendekravet at den utøvande makta ikkje kan fjerne ein dommar med mindre heilt spesielle tilhøve ligg føre.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon