|
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Gitmark, Hans Kristian Hogsnes og Kari Lise Holmberg, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg, og frå Senterpartiet, leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, viser til at EØS-komiteen avgjorde den 12. mai 2000 å innlemme rådsdirektiv 99/70EF om avgrensa tilsetjing i EØS-avtala. Dette direktivet har som mål å skape felles minstereglar innan EU i sosial- og arbeidsmarknadspolitikken. Direktivet fastsett iverksetjing til 10. juli 2001, men Noreg har fått forlenga fristen fram til 10. juli 2002. Bakgrunnen for direktivet er å ikkje-diskriminere mellombels tilsette i forhold til fast tilsette.
Komiteen er samd i å innføre ein ny regel i arbeidsmiljølova som pålegg arbeidsgjevar å informere om ledige stillingar i verksemda, og sluttar seg til endringa som er føreslått i proposisjonen.