|
Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Bjørgulv Froyn, Martin Kolberg, Oddbjørg Ausdal Starrfelt
og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J Hoddevik, Hans R
Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore Aksel Nistad og
Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi
Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl og frå
Senterpartiet, Jorunn Ringstad, er innforstått med at
Ot.prp.nr.82
(2001-2002) i hovudsak er ei oppfølgjing av forslag sett fram i
St.prp. nr. 62 (2001-2002) Om omdanning av NSB BA og Posten Norge BA til
aksjeselskap. Komiteen vil difor vise til merknader i innstilling frå
komiteen i samband med behandling av
St.prp. nr. 62 (2001-2002).
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, har elles merka seg at Posten Norge BA gjennom konsesjonen er pålagd å tilby grunnleggjande banktenester gjennom heile ekspedisjonsnettet. Fleirtalet er samd i at denne plikta blir lovfesta, slik at det ikkje kan vere tvil om at dette er ei samfunnspålagd oppgåve for Posten.
Fleirtalet er open for at det kan
vurderast endring i plikta til å inngå avtale med berre ein
finansinstitusjon som får einerett og blir pålagt plikt til å tilby
grunnleggjande banktenester i heile ekspedisjonsnettet til Posten. Ei klar
forutsetning for endring er at dette ikkje skal svekke Posten sitt høve til
å tilby banktenester til kundar i alle delar av landet. Fleirtalet støttar
forslaget om at det blir gitt ei ny lov om tilbod av grunnleggjande
banktenester gjennom ekspedisjonsnettet.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener det fremtidige Postselskapet må stå fritt i organiseringen av sine banktjenester.
Disse medlemmer vil vise til at bankenes filialnett er dramatisk redusert på kort tid. Samtidig overtar andre kanaler for banktjenester. Minibanker og butikker benyttes mer og mer til utbetalinger, og nettbanksystemer overtar mer og mer av betalingsforretningene.
Det er ingenting som tyder på at denne utviklingen er i ferd med å stoppe. I løpet av få år vil mange av de nåværende « grunnleggende banktjenester » være overlatt fra bank/postfilialer til andre.
Disse medlemmer mener derfor at forslaget til ny lov om grunnleggende banktjenester gjennom Posten Norge AS's filialnett er overflødig, og bør sløyfes.
Disse medlemmer finner derfor ikke å bifalle forslaget til lov om tilbud av grunnleggende banktjenester gjennom Posten Norge AS' ekspedisjonsnett.