Innst.O.nr.66 (2001-2002)
Innstilling frå samferdselskomiteen om lov om yrkestransport med
motorvogn og fartøy (yrkestransportlova)
1. Innleiing
1.1 Samandrag
Samferdselslova 4. juni 1976 nr. 63
løyveregulerer yrkesmessig vegtransport og persontransport i rute med
fartøy.
Samferdselsdepartementet legg i
proposisjonen fram utkast til ny lov om samferdsel. Tittelen på lova er
endra til « lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy »
(yrkestransportlova), som er ei meir presis og sjølvforklarande formulering
av verkeområdet for lova enn « lov om samferdsel ».
Samla sett har utviklinga ført til at
samferdselslova er blitt uoversiktleg og vanskeleg tilgjengeleg. Det er
ønsket om ei klarare framstilling av dei prinsipp som ligg til grunn for
lova som har vore avgjerande for at det vert fremja eit utkast til ny lov,
framfor å tilpasse ytterlegare endringar i den gamle lovstrukturen. Behovet
for materielle endringar i lova har såleis vore mindre, etter som naudsynte
tilpasningar har vorte gjort etter kvart, anten i lova eller i forskrifter
med heimel i lova.
Likeeins som gjeldande lov er den nye
lova i stor grad utforma som ei fullmaktslov, ut frå behovet for
tilpassingar til endringar i transportmarknaden.
Om det nye lovutkastet
Strukturen i lovutkastet er endra i
høve til gjeldande lov for å gjere lovverket meir brukarvennleg. Lova er
såleis delt opp i ulike underkapittel, om løyve, om kven som er
løyvestyresmakt, om tilskot til rutetransport mv.
Når det gjeld turvogn og gods, gjev
løyvet direkte tilgang til marknaden, men for rute- og drosjetransport må
ein i tillegg ha eit behovsprøvd løyve. Rutetransport til sjøs vert
løyvemessig i store trekk handsama som rute på veg.
Dei viktigaste materielle endringane i
lovutkastet er:
| - | virkeområdet
for lova vert utvida til å gjelde transport med luftputefartøy |
| - | transport
med beltebil vert ikkje lenger omfatta av lova |
| - | ein
noko utvida rett til transport av rutekarakter med buss utan krav om ruteløyve,
særleg innretta på fritidsreiser |
| - | høve
for tilsette i det offentlege omsorgsapparatet til å utføre persontransport med
personbil, som har naturleg tilknyting til utføring av arbeidet |
| - | høve
til å nytte anbod også for ferjeruter |
| - | ansvaret
for handsaming av løyve for godstransport vert overført til fylkeskommunen, tilsvarande
som for andre løyve |
| - | heimlane
til å kunne gje fritak frå løyvekravet er samla på departementsnivå |
| - | det
vert gitt klar heimel for omlasting på staden ved transport av gods utan påbode
løyve |
| - | retten
til å krevje at rettssubjekt med ruteløyve skal slutte seg saman og til å krevje
omgjort aksjeoverdragingar vert tatt bort |
| - | avgrensinga
på retten til å drive utleige av buss registrert for meir enn 17 personar til
berre å gjelde mellom innehavarar av ruteløyve vert tatt bort |
| - | teieplikta
er overflødig ved sidan av forvaltningslova sine reglar om teieplikt |
| - | transportselskapa
sine kontrollørar får i visse høve rett til å halde tilbake personar som ikkje
kan syne gyldig billett i kontroll |
Høyringa av lovutkastet er nærare
omtala i kap. 3 i proposisjonen.
Felles transportmarknad i EØS-området
Gjennom EØS-avtala er Noreg ein del av
den indre transportmarknaden i EØS-området. Såleis har EØS-avtala ikkje
berre hatt verknad for internasjonal transport, men har òg ført til store
endringar i rammevilkåra for utøving av yrkestransport generelt, t.d.
gjennom fastsetjing av felles reglar som skal gjelde for å etablere seg i
transportyrket.
Regelverket for tilgang til marknaden
er gjeve som forordningar, som har karakter av forskrift med lite spelerom
for tilpassingar i det nasjonale regelverket.
1.2 Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Bjørgulv Froyn, Martin Kolberg, Oddbjørg Ausdal Starrfelt
og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J Hoddevik, Hans R
Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore Aksel Nistad og
Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi
Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og frå
Senterpartiet, Jorunn Ringstad, viser til merknader i etterfølgjande
kapittel.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon