Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.72 (2001-2002)
Innstilling frå næringskomiteen om lov om oppheving av lov om erverv av næringsverksemd


oversikt første forrige neste

7. Tilråding frå komiteen

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

       Ot.prp.nr.62 (2001-2002) om lov om erverv av næringsvirksomhet vert å avvise.

II.

       Stortinget ber Regjeringa så snart som mogleg komme tilbake til Stortinget med forslag til endring av arbeidsmiljølova slik at:

1.dei tilsette sin informasjonsrett blir ivaretatt ved oppkjøp av aksjeselskap på ein slik måte at lova også inkluderer informasjonsplikt ved aksjekjøp som overstig henholdsvis 1/3, 1/2 og 2/3 av aksjane i eit selskap (jf arbeidsmiljølovas kap. XII § 73)
2.meldeplikta for arbeidsgivarane ved aksjekjøp som overstig henholdsvis 1/3, 1/2 og 2/3 av aksjane i eit selskap følgjer dei same framdriftsreglane som ved masseoppseiingar, nærmare beskrive under arbeidsmiljølovas § 56A
3.det blir høve til å iverksetje sanksjonar dersom pliktene beskrive i 1 og 2 ikkje blir fulgt ved at a) endringar av verksemda ikkje kan skje før dei tilsette er informert, og b) eventuelle negative konsekvensar for dei tilsette ikkje kan iverksetjast før 1 og 2 er oppfylt.

Oslo, i næringskomiteen, den 6. juni 2002

Olav Akselsen Åsa Elvik Ivar Kristiansen
leiar ordførar sekretær



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon