Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.73 (2001-2002)
Innstilling fra kommunalkomiteen om forslag frå stortingsrepresentantane Sigvald Oppebøen Hansen, Per Sandberg, Karin Andersen og Magnhild Meltveit Kleppa om forslag til mellombels lov om overgangsreglar i lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering


oversikt første forrige neste

4. Komiteens tilråding

       Komiteen viser til dokumentet og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak til mellombels lov
om overgangsreglar i lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering.

I.
§ 1.

       Arbeidstakarar som var i ein løpande permitteringsperiode per 31. desember 2001, skal behandlast etter regelverket slik det gjaldt før lovendringa av 21. desember 2001 så lenge permitteringa varer.

§ 2.

       For arbeidstakarar som per 31. desember 2001 ikkje var i ein løpande permitteringsperiode, skal reglane bli tillempa slik at permitteringstid før 1. januar 2002 ikkje blir teken med i utrekninga av kvoten på 26 veker i lønnspliktlova § 3 nr. 2 første ledd og folketrygdlova § 4-7. Ingen kan i medhald av denne føresegna få ein større kvote enn det som ville fylgd av lønnspliktlova og folketrygdlova slik dei lydde før lovendringa.

§ 3.

       For asfaltbransjen gjeld ei kvote på 36 veker i lønnspliktlova § 3 nr. 2 første ledd og folketrygdlova § 4-7.

§ 4.

       Departementet kan definere omgrepet asfaltbransjen i forskrift.

§ 5.

       Føresegnene i § 1 og § 2 gjeld til 1. juli 2003. Føresegna i § 3 gjeld til 1. januar 2004.

II.

       Lova tek til å gjelde straks.

Oslo i kommunalkomiteen, den 6. juni 2002

Magnhild Meltveit Kleppa Peter Gitmark Hans Kristian Hogsnes
leder ordfører sekretær



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon