Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.14 (2002-2003)
Innstilling fra kommunalkomiteen om lov om endring i lov 29. januar 1999 nr. 6 om interkommunale selskaper


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Departementet gjer i proposisjonen framlegg om ei justering i lov om interkommunale selskaper som vil gjere det klart at revisorlova ikkje gjeld for revisjon av rekneskapa til interkommunale selskap. Føremålet er å justere tilbake ein utilsikta konsekvens av ei endring i rekneskapslova ved lov 16. juni 2000 nr. 41 som, gjennom ei tilvisning i revisorlova, medførte at interkommunale selskap fekk revisjonsplikt etter revisorlova. Det var ikkje meininga med den nemnde endringa i rekneskapslova å endre særordninga for revisjon av interkommunale selskap.

       Framlegget er ikkje basert på ei ny vurdering av revisjon i interkommunale selskap. Departementet vil komme tilbake med framlegg basert på ei slik vurdering.

       Framlegget medfører at det som revisor enten kan veljast ein registrert eller statsautorisert revisor (jf revisorlova § 2-2), revisjonen til ein av dei deltakande kommunar eller fylkeskommunar, eller ein distriktsrevisjon.

       Det er ikkje meininga med framlegget å endre den praksisen som har utvikla seg med at interkommunale selskap som utarbeider årsrekneskap etter rekneskapslova blir revidert i samsvar med revisorlova kapittel 5 om revisor sine oppgåver ved revisjon av årsrekneskap mv. og standardar for god revisjonsskikk. Departementet legg til grunn at denne praksisen utgjer ein del av god kommunal revisjonsskikk. For interkommunale selskap som utarbeider årsrekneskap etter kommunale rekneskapsprinsipp, blir standardane for god revisjonsskikk brukt med dei unntaka som er fastsette for kommunal revisjon.

       Endringa i rekneskapslova § 1-2 første ledd har også ført til tvil om kommunale føretak, jf kommunelova kapittel 11, kan reviderast av kommunerevisjonen. Departementet legg opp til å presisere at det er høve til dette i ei ny føresegn om revisjon i forskrift 17. desember 1999 nr. 1569 om årsbudsjett, årsregnskap og årsberetning for kommunale og fylkeskommunale foretak.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon