|
Barne- og familiedepartementet gjer framlegg om ei endring i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd. Endringa gjeld overgangsregelen i § 26 nr. 3, som omhandlar barnetrygdmidlar som er oppsparte etter reglane i forskrift 13. september 1977 nr. 1 om kven som skal ha retten til barnetrygd for barn som ikkje blir oppfostra hos foreldra sine eller hos adoptivforeldre.
Departementet ser at overgangsregelen i barnetrygdlova § 26 nr. 3 kan ha uheldige utslag når barnet er under omsorg av barneverntenesta ved det tidspunktet lova tek til å gjelde. Etter lov 22. april 1927 nr. 3 om verjemål § 3 er det den eller dei som etter reglane i barnelova har foreldreansvaret for barnet, som er verje for barnet. I dei fleste tilfelle vil dei biologiske foreldra framleis ha foreldreansvaret, sjølv om barneverntenesta har overteke omsorga for barnet. Slik regelen no lyder, vil altså oppsparte barnetrygdmidlar som er meinte å kome barnet til nytte seinare, kunne utbetalast til foreldre som ikkje blir haldne for å vere skikka til å ha omsorga for barnet.
Departementet gjer framlegg om at lova blir endra slik at oppspart barnetrygd for barn som er under omsorg av barneverntenesta når lova tek til å gjelde, blir sett på sperra konto. Beløpet skal utbetalast til barnet når barnet fyller 18 år. Dersom vedtaket om omsorgsovertaking blir oppheva før barnet fyller 18 år, skal dei oppsparte barnetrygdmidlane overførast til verja.