|
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Britt Hildeng, Asmund Kristoffersen og Gunn Olsen, fra Høyre, Beate Heieren Hundhammer, Bent Høie og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Fremskrittspartiet, lederen John I Alvheim og Harald T Nesvik, fra Sosialistisk Venstreparti, Olav Gunnar Ballo og Sigbjørn Molvik, fra Kristelig Folkeparti, Åse Gunhild Woie Duesund og Magne Aarøen, og fra Senterpartiet, Ola D Gløtvold, har merka seg at departementet i proposisjonen legg fram forslag om lovendring som gir ein klar heimel for at pasientskadelova skal kunne tre i kraft delvis. Komiteen har merka seg at forslaget legg til rette for at pasientskadelova kan tre i kraft for det offentlege frå 1. januar 2003, og vert utsett for private helseteneste. Komiteen støtter dette forslaget.
Komiteen har merka seg at bakgrunnen for at Regjeringa foreslår å la lova tre i kraft delvis, er at forsikringsselskapa ikkje ynskjer å tilby forsikring til private helseteneste når Norsk Pasientskadeerstatning òg skal handsame sakene i dei tilfelle der private forsikringsselskap står ansvarleg.
Komiteen meiner det er viktig at ein gjennom å la lova tre i kraft delvis sikrar at så mykje som mogeleg av lova trer i kraft som planlagt. Komiteen har merka seg at Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ein proposisjon om endringar av lova.