|
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringen komme tilbake med forslag til endringer av gjeldende privatskolelov som omfatter:
| - | skolemiljø, tilsvarende bestemmelser som er inntatt i opplæringsloven, |
| - | lokaler tilpasset funksjonshemmede elever, |
| - | elevenes rett til tilpasset opplæring, |
| - | rett til særskilt opplæring for elever fra språklige minoriteter, |
| - | elevenes rett til rådgivningstjeneste, |
| - | skolenes opplysningsplikt til barnevernet og sosialetaten. |
Forslag 2
§ 1-1 annet ledd punkt f) skal lyde:
For øvrig skal også opplæringslova §
1-2 leggjast til grunn med nødvendig tilpassing for skolar som er baserte på
eit religiøst/pedagogisk alternativ.
§ 1-2 første ledd annet punktum skal lyde:
Lova gjeld også opplæring i heimen.
§ 2-1 skal lyde:
Frittståande skolar og heimeundervisning som oppfyller dei krava som følgjer av lova, har rett til godkjenning og offentleg tilskot. Den enkelte skolen må gi opplæring på norsk eller samisk. Foreldre eller føresette med barn i opplæringspliktig alder som anten sjølv eller ved andre vil syte for undervisning utanom skole (heimeundervisning) skal melde dette skriftleg til bustadkommunen.
Retten til godkjenning gjeld også for norske frittståande skolar i utlandet og internasjonale frittståande skolar i Norge.
Vurdering og godkjenning av
frittståande skolar etter denne lova og av private skolar i iht.
opplæringslovas § 2-12 skal gjerast av NOKUT. Heimeundervisning treng ikkje
førehandsgodkjenning, men kommunen skal føre tilsyn med at opplæringa er
forsvarleg.
§ 2-2 utgår.
§ 2-3 første og annet ledd skal lyde:
Skolen skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende av NOKUT.
Det må gå fram av planen kva slag
vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal nytte. Frittståande skolar
skal anten følgje den læreplanen som gjeld for offentlege skolar eller
læreplanar som på annan måte sikrar elevane minst jamngod opplæring.
Frittståande skolar som er oppretta av religiøse og/eller etiske grunnar
eller oppretta som eit fagleg-pedagogisk alternativ, kan likevel gjere
unntak frå dei offentlege planane der dette er grunngitt med formålet til
skolen.
§ 3-1 fjerde ledd skal lyde:
Melding om inntak av elevar skal
sendast til heimkommunen for elevar i grunnskolar og til heimfylket for
elevar i vidaregåande skolar.
§ 3-3 første ledd skal lyde:
Ein elev som får plass ved ein skole
som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre opplæringa si ved
skolen, så langt skolen er godkjend. Når omsynet til dei andre elevane
tilseier det, kan ein skole i særlege tilfelle likevel avslutte opplæringa
for eleven. Heimkommunen eller eleven sin eigen fylkeskommune har plikt å
sørgje for opplæring. Skolen gjer vedtak og fylkesmannen er klageinstans.
§ 3-3 tredje ledd utgår.
§ 3-3 fjerde ledd blir tredje ledd og annet punktum skal lyde:
Fylkesmannen gjør vedtak.
§ 3-10 annet og tredje ledd skal lyde:
Når ein elev i vidaregåande skole vedvarande har vist ei fremferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein elev alvorleg forsømmer pliktene sine, kan skolen vedta at eleven skal visast bort frå resten av det kurset eleven er teken inn på. I samband med eit vedtak om bortvising for resten av lengda på kurset kan fylkesmannen også vedta at eleven skal miste retten til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1.
Manglande betaling av skolepengar,
samt motarbeiding av pedagogikk eller det religiøse og/eller etiske
grunnlaget som skolen bygger på frå elevar og/eller foreldre, kan også føre
til bortvising.
§ 5-1 skal lyde:
Kvar skole skal ha eit styre valt av eigaren som fastset kor mange medlemmer og varamedlemmer styret skal ha. Med samtykke frå departementet kan to eller fleire skolar ha felles styre. Foreldre/føresette skal ha minst 2 representantar valde av desse, elevane skal ha minst 2 representantar valde av og blant desse og tilsette skal ha minst 2 representanter valde av og blant desse.
Ved handsaming av saker der det gjeld
teieplikt etter lov og forskrift, skal styret sørgje for at styremedlemmer
under aldersgrensa for å vere myndige må forlate møtet.
§ 5-4 første ledd første punktum skal lyde:
Ved kvar skole skal det vere foreldreråd, der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer.
I § 6-1 endres punkt 1) 100 % i stedet
for 85 %, punkt 2) 100 % i stedet for 75 %, punkt 3) 100 % i stedet for 85
%, punkt 4) 100 % i stedet for 85 % og punkt 5) 100 % i stedet for 85 %
§ 6-2 annet ledd skal lyde:
Skolen som tek imot offentlege tilskot
som ikkje dekkjer alle driftsutgifter, kan krevje inn skolepengar.
Skolepengane må ikkje setjast høgare enn det som trengst for saman med
statstilskotet anten å dekkje driftsutgifter som svarer til utgiftsnivået
ved tilsvarande offentleg skole som det er naturleg å samanlikne med, eller
driftsutgifter som naturleg følgjer av skolen sitt formål og/eller
pedagogikk. Dersom styret fastset skolepengar baserte på ei utgiftsramme på
meir enn 1/8 ut over utgiftsnivået ved offentleg skole som det er naturleg å
samanlikne med, trengst det godkjenning av departementet.
§ 7-2 skal lyde:
NOKUT fører tilsyn med skolar godkjende etter denne lova samt private skolar godkjende etter opplæringslova § 2-12, og skal i den samanhengen ha tilgjenge til skoleanlegg og dokumentasjon.
Dersom det blir oppdaga forhold som står i strid med denne lova eller forskrifter gjevne med heimel i lova, kan departementet gi pålegg om å rette på forholda.
NOKUT varslar departementet om at tilskot vil bli halde attende dersom pålegg om korrigeringar ikkje blir fulgte opp eller at godkjenning vil bli dregen attende med tilhøyrande bortfall av offentleg tilskot.
Foreldrerådet skal ha myndigheit til å ha foreldretilsyn med skolen med valde representantar. Rapport frå foreldretilsyn skal behandlast av skolen sitt styre. Foreldrerådet kan også sende rapport frå eige tilsyn til offentleg tilsynsorgan.
NOKUT fører også tilsyn med
heimeundervisning der det skal nyttast godkjende tilsynskyndige.
Forslag 3
Stortinget ber Regjeringen legge frem
forslag til en felles opplæringslov for alle elever, og som omfatter både
hjemmeundervisning, grunnskole og videregående opplæring.
Forslag 4
Stortinget ber Regjeringen legge frem
sak om organisering og kompetanse i NOKUT. Stortinget legger til grunn at
NOKUTs oppgaver også skal omfatte godkjenning og tilsyn av alle grunnskoler
og skoler på videregående nivå.
Forslag 5
Stortinget ber Regjeringen legge frem
egen sak med tiltak for å sikre bedre norskkunnskaper hos barn fra språklige
minoriteter/barn med innvandrerbakgrunn.
Forslag 6
Stortinget ber Regjeringen legge frem
sak om overføring av det totale økonomiske ansvaret for skoleskyssen for
grunnskoleelever til kommunene. Stortinget forutsetter at saken også
avklarer finansiering av skyss for elever med funksjonshemming eller
midlertidig skade/sykdom, jf opplæringsloven § 7-3, også når kommunegrenser
eller fylkesgrenser krysses.
Forslag 7
Stortinget ber Regjeringen legge frem
lovsak som sikrer at det etableres selvstendige driftsstyrer ved alle
grunnskoler og videregående skoler i offentlig eie, og at representanter
valgt av foreldre/foresatte utgjør et flertall i slike styrer.
Forslag 8
Stortinget ber Regjeringen legge frem
forslag til nytt finansieringssystem for grunnskoler og videregående skoler
som baseres på at staten betaler skolepenger for eleven direkte til den
skole eleven velger å gå på. Stortinget forutsetter at et slikt
finansieringssystem også omfatter organisering og finansiering av
skoleskyss.
Forslag 9
Stortinget ber Regjeringen legge frem sak med endring av opplæringsloven § 2-12, § 2-13, § 14-1 og § 14-2 som er tilpasset innholdet i lov om frittstående skoler med hensyn til godkjenning og tilsyn.