Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.82 (2002-2003)
Innstilling fra kommunalkomiteen om boligbyggelag (bustadbyggjelagslova) og lov om borettslag (burettslagslova)


oversikt første forrige neste

5. Forholdet mellom boligbyggelag og tilknyttede borettslag

5.1 Sammendrag

       I gjeldande burettslover er det ingen direkte definisjon på kva som skal reknast for å vere eit tilknytt burettslag.

       Tilknytte burettslag skal etter forslaget frå utvalet vere burettslag der det følgjer av vedtektene at andelseigarane skal vere andelseigarar i eit bestemt bustadbyggjelag.

       Departementet vurderer det slik at utvalet har funne fram til ein klar og tenleg definisjon av tilknytt burettslag. Kjenneteiknet på eit tilknytt burettslag vil såleis vere at vedtektene til burettslaget krev dobbelt medlemskap: Andelseigarane skal både vere andelseigarar i burettslaget og andelseigarar i eit bestemt bustadbyggjelag. Forslaget er godt motteke av høyringsinstansane. Departementet legg derfor denne definisjonen til grunn i dei nye lovene, jf (§ 1-3 i begge lovene).

5.2 Komiteens merknader

       Komiteen støtter lovforslaget i proposisjonen.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon