|
Forslag 1
Boligbyggelagsloven § 3-5 skal lyde:
(1) Eventuell rente på andelskapital skal vere avgrensa.
(2) Eventuell utdeling til andelseigarane ut frå samhandel med laget kan ikkje utgjere meir enn ein tiandedel av årsresultatet frå året før utdelinga etter at underskot frå tidlegare år er dekt. Det kan ikkje delast ut meir enn styret gjer framlegg om eller godtek.
(3) Til bumiljøtiltak og andre allmennyttige føremål kan generalforsamlinga vedta å setje av opp til ein tiandedel av årsresultatet etter at underskot frå tidlegare år er dekt. Det kan ikkje setjast av meir enn styret gjer framlegg om eller godtek.
(4) I samhandelen med andelseigarar, burettslag eller andre skal det ikkje avtalast vilkår som på urimeleg vis går ut over andre andelseigarar eller laget.
(5) Utdeling i strid med paragrafen
her skal mottakeren føre tilbake til laget. Det gjeld likevel ikkje dersom
mottakaren korkje kjende eller burde kjenne til at utdelinga var ulovleg.
Kravet på tilbakeføring kan setjast ned etter skadeerstatningsloven § 5-2.
Forslag 2
I borettslagsloven skal følgende bestemmelser lyde:
§ 4-6. Gebyr o.l.
For arbeid med eigarskifte og
eventuell godkjenning, kan laget krevje eit vederlag på opp til fire gonger
rettsgebyret av den som avhender andelen.
§§ 4-6 til 4-20 blir §§ 4-7 til 4-21.
I disse paragrafene skal henvisningen til § 4-7 endres til § 4-8:
§ 2-10 andre ledd siste punktum, §
2-11 andre ledd siste punktum, § 4-5 andre ledd andre punktum, § 4-9 andre
ledd, § 5-21 tredje ledd, § 5-22 andre ledd.
I § 4-8 tredje ledd skal henvisningen til § 4-6 endres til § 4-7.
I § 4-11 skal henvisningen til §§ 4-11 til 4-20 endres til §§ 4-12 til
4-21.
I § 4-20 første og andre ledd skal henvisningene til §§ 4-14 og 4-14 andre
ledd endres til § 4-15 og 4-15 andre ledd.
I § 14-7 tredje ledd skal henvisningene til §§ 4-10 til 4-20 endres til §§
4-11 til 4-21.
§ 4-22. Gebyr
(1) Burettslaget kan krevje eit vederlag på opp til fem gonger rettsgebyret for å ta imot eit førehandsvarsel som nemnt i § 4-15 første ledd andre punktum. Blir forkjøpsretten gjort gjeldande, skal vederlaget betalast tilbake.
(2) Burettslaget kan setje som vilkår for å gjere forkjøpsretten gjeldande at forkjøpsretthavaren betalar eit vederlag på opp til fem gonger rettsgebyret.
(3) Føresegnene i paragrafen her kan
ikkje fråvikast.
Forslag 3
Borettslagsloven § 5-7 andre ledd skal lyde:
(2) Laget kan ikkje krevje vederlag
for arbeid med godkjenning av brukar.
Forslag 4
Borettslagsloven § 2-3 skal lyde:
§ 2-3. Minstekrav til stiftingsdokumentet elles
Stiftingsdokumentet skal elles opplyse
om namn eller føretaksnamn, adresse og fødsels- eller organisasjonsnummer
for stiftarane, tida for innbetaling av andelane og om kven som skal vere
første styre og første revisor for laget.
Borettslagsloven § 6-1 andre ledd skal lyde:
§ 6-1. Burettsregister
(2) Kongen gir nærare føresegner om
organisering eller godkjenning av burettsregisteret, mellom anna kven som
skal vere registerførar, tildelingskriterie, registreringsvilkår, bortfall
av tildeling, garantiar for skadebotansvar og eigaravgrensingar, i tillegg
til godkjenning av burettsregisteret og om føringa av registeret.
Forslag 5
Borettslagsloven § 5-5 første punktum skal lyde:
Med godkjenning frå styret kan andelseigaren overlate bruken av heile bustaden til andre for opp til to år dersom andelseigaren sjølv eller ein person, som nemt i § 5-6 første ledd nummer 3, har butt i bustaden i minst eitt av dei to siste åra.