Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.106 (2002-2003)
Innstilling frå justiskomiteen om lov om endringar i straffelova mv. (styrka innsats mot tvangsekteskap mv.)


oversikt første forrige neste

1. Hovudinnhaldet i proposisjonen

       Dei fleste forslaga i proposisjonen har til føremål å motverke tvangsekteskap. Departementet foreslår for det første å gjere det tydeleg i lova at det å tvinge nokon til å inngå ekteskap kan rammast av straffelova § 222 om tvang, og at den skjerpa strafferamma på fengsel i 6 år kan vere aktuell i slike tilfelle. Vidare foreslår departementet å gjere påtala offentleg utan vilkår i § 222 om tvang og i § 227 om truslar. Departementet gjer dessutan framlegg om å gjere det straffbart å inngå ekteskap eller partnarskap med nokon som er under 16 år, eller å medverke til dette.

       Proposisjonen inneheld også enkelte andre forslag. Departementet gjer såleis framlegg om å heve strafferammene i straffelova § 155 om spreiing av allmennfarleg smittsam sjukdom og i § 390 a om omsynslaus framferd.

       Departementet foreslår vidare at kompetansen til å handsame søknader om valdsoffererstatning i første instans blir overført frå fylkesmennene til ei sentralisert eining. Sentraliseringa er varsla i St.prp. nr. 1 (2002-2003). Den sentrale førsteinstansen vil bli lagt til Vardø. Ei sentralisering av førsteinstansbehandlinga krev endringar i valdsoffererstatningslova.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon