Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.106 (2002-2003)
Innstilling frå justiskomiteen om lov om endringar i straffelova mv. (styrka innsats mot tvangsekteskap mv.)


oversikt første forrige neste

6. Økonomiske og administrative konsekvensar

       Endringane i straffelova vil dels kunne føre til at fleire saker blir forfølgde, dels til at straffenivået blir høgare. Dette kan gje noko meirarbeid for påtalemakta og domstolane. Dessutan vil iverksetjinga av strengare dommar føre til ei viss meirbelasting på kriminalomsorgen. Elles legg departementet til grunn at dei foreslåtte lovendringane i straffelova ikkje vil ha vesentlege administrative og økonomiske konsekvensar.

       Til forslaget om endringar i valdsoffererstatningslova, knyter det seg investeringskostnader i storleiken 2 mill. kroner til etableringa av det nye kontoret. Driftsutgiftene til kontoret i Vardø vil bli overførte frå fylkesmannsembeta. Arbeids- og administrasjonsdepartementet har rekna dette til ca 15 stillingar.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon