Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.108 (2002-2003)
Innstilling frå sosialkomiteen om lov om endring i lov 19. mai 1933 nr. 3 om tilsyn med næringsmidler mv. (endring av heimelsgrunnlag for næringsmiddelavgifta)


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Proposisjonen fremmer forslag om å endre heimelsgrunnlaget i avgiftsparagrafen i næringsmiddellova, så ein kan sjå matkjeda og kontrollen langs heile matkjeda i samanheng.

       Det vert vist til at ved Stortingets handsaming av Landbruksdepartementets budsjett for 2003 vart det vedteke å auke ulike avgifter innanfor mat-, plante- og dyrehelsesektoren. I budsjettframlegget under kap. 1107 vart det gjort greie for at god dyrehelse og dyrevelferd i aukande grad må sjåast i samanheng med mattryggleik. I St.prp. nr. 1 (2002-2003) vart det i vesentleg omfang lagt opp til at inntekter under kap. 4114, som i hovudsak er inntekter frå næringsmiddelavgifta, skulle gje dekning for tiltak under kap. 1107 i tillegg til å dekke kostnader under kap. 1114. Dette vart gjort under føresetnad av at næringsmiddelavgiftsforskrifta sin formålsparagraf skulle endras.

       Under høringa av utkastet til ny forskrift kom det fleire merknader som peika på manglande heimelsgrunnlag for den tilrådde avgiftsaukinga. Helsedepartementet og Landbruksdepartementet vurderte saka på ny og kom til at ein ikkje ville endre forskrifta og avgiftssatsane med den heimelen lova har i dag. For å kunne fylje opp Stortingets budsjettvedtak finn Helsedepartementet og Landbruksdepartementet det difor riktig å endre heimelen i næringsmiddellova.

       Det blir uttala at den nye organiseringa av matforvaltninga som er vedteke, vil gjera det nødvendig å endre framtidig finansiering av matforvaltninga. Ei endring i heimelsgrunnlaget for nåverande næringsmiddelavgiftsforskrift vil derfor ha mellombels karakter. Den framtidige finansieringa av Mattilsynet gjennom m.a. avgifter og gebyr vil verte handsama i samband med framlegget av ny matlov.

       Forslag til endring av næringsmiddellova vart sendt på høring i mars 2003, og det vart halde høringsmøte 25. mars 2003.

       Endring i næringsmiddelavgifta er føresett i inntektsberekninga på kap. 4114 i statsbudsjettet for 2003. Endringa i heimelsgrunnlaget vil ikkje medføre ytterlegare administrative og økonomiske konsekvensar.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon