Innst.O.nr.111 (2002-2003)
Innstilling frå sosialkomiteen om lov om endringar i forskjellige lover
som følgje av integrering av fylkeslegeembeta i fylkesmannsembeta
1. Samandrag
Det blir vist til at Stortinget ved
handsaminga av
St.meld. nr. 31 (2000-2001) Kommune, fylke, stat - en bedre oppgavefordeling
- vedtok at den regionale statsforvaltninga skulle omorganiserast jf.
Innst.S.nr.307
(2000-2001). Det førte mellom anna til at fylkeslegeembeta og Statens
utdanningskontor frå 1. januar 2003 blei integrerte i fylkesmannsembeta.
Fylkeslegane som eigne forvaltningsorgan eksisterer såleis ikkje lenger, men
som embetsmenn og leiarar av dei nye helseavdelingane hos fylkesmennene skal
fylkeslegane framleis kallast « fylkeslege ».
Regional tilsynsmynde skal etter lov
om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr. 15 (tilsynslova)
framleis liggje direkte hos fylkeslegen. På bakgrunn av dette er det behov
for å tydeleggjere i alt regelverk som handlar om oppgåvene til fylkeslegen,
kva oppgåver som skal liggje under fylkeslegen som tilsynsmynde underlagt
Statens helsetilsyn, og kva oppgåver som skal liggje under fylkesmannen.
Det er behov for å foreslå endringar i
14 lover der « fylkeslegen » er nytta som nemning på det organet som er tillagt
mynde. « Fylkeslegen » må endrast anten til « fylkesmannen » eller til
« Helsetilsynet i fylket », alt etter kva del av fylkeslegen sitt mynde det blir
vist til i den aktuelle føresegna.
Det lovforslaget som ligg føre,
inneheld forslag til endringar i desse 14 lovene:
| - |
Lov 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten |
| - |
Lov 18. juni 1965 nr. 4 - vegtrafikklov |
| - |
Lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse
av lik m.m. |
| - |
Lov 13. juni 1975 nr. 50 om svangerskapsavbrudd |
| - |
Lov 3. juni 1977 nr. 57 om sterilisering |
| - |
Lov 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene |
| - |
Lov 3. juni 1983 nr. 54 om tannhelsetjenesten |
| - |
Lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer |
| - |
Lov 2. juli 1999 nr. 61 om spesialisthelsetjenesten m.m. |
| - |
Lov 2. juli 1999 nr. 62 om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern
|
| - |
Lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter |
| - |
Lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. |
| - |
Lov 12. mai 2000 nr. 36 om strålevern og bruk av stråling |
| - |
Lov 18. mai 2001 nr. 24 om helseregistre og behandling av helseopplysninger
|
Ein annan type endring som må gjerast,
er der det i lover og forskrifter er vist til «tilsynsmyndighet» eller
«tilsynsmyndigheten». Med den nye organiseringa vil ikkje ei slik nemning
gjere det klart om det her er meint Statens helsetilsyn, regional
tilsynsmynde direkte underlagt Statens helsetilsyn eller fylkesmannen som
tilsynsmynde. Det må derfor i lover og forskrifter gå klart fram kven som
er tillagd mynde etter den konkrete føresegna. I dei aktuelle føresegnene
må derfor «tilsynsmyndighet» eller «tilsynsmyndigheten » endrast til anten éi
eller fleire av nemningane « fylkesmannen », « Statens helsetilsyn » eller
« Helsetilsynet i fylket ».
Det blir òg foreslått å oppheve nokre
føresegner eller delar av føresegner der det er vedteke at fylkeslegen skal
melde frå, gi informasjon eller liknande til fylkesmannen. Etter
integreringa er slike føresegner unødvendige.
Det blir vidare foreslått å oppheve
kommunehelsetenestelova § 6-3 første ledd andre punktum der Statens
helsetilsyn er pålagt eit ansvar for å sjå til at lover og forskrifter blir
kjende og etterlevde i samband med det faglege tilsynet med at kommunane
fremjar formålet til helsetenesta på forsvarleg og tenleg måte. Dette er ei
overflødig regulering etter integreringa, da ansvaret no ligg hos
fylkesmannsembetet.
Det er i tillegg til desse endringane
foreslått nokre små justeringar av meir språkleg karakter.
I tilsynslova § 1 tredje ledd blir det
foreslått eit tillegg som synleggjer at fylkeslegen, som regional
tilsynsmynde underlagt Statens helsetilsyn, heretter blir kalla
« Helsetilsynet i fylket » samt at fylkeslegen ellers er underlagt fylkesmannen.
Det blir vidare foreslått å slå saman
første og andre ledd i § 2 i tilsynslova, slik at det går klarare fram at
dette er ei lov som regulerer tilsyns- og tilsynsrelaterte oppgåver lagde
til Statens helsetilsyn og Helsetilsynet i fylka.
Tredje ledd i tilsynslova § 2 om at
fylkeslegen skal medverke til at lover, forskrifter og retningslinjer som
gjeld for helsetenesta, blir gjorde kjende og etterlevde, blir også
foreslått oppheva. Dette er oppgåver som no høyrer inn under
fylkesmannsembetet sitt ansvarsområde.
Endeleg blir tilsynslova § 4 foreslått
oppheva ettersom også denne føresegna er overflødig etter den nye
organiseringa av regional stat.
Lovendringane som blir foreslått i
proposisjonen, får ingen økonomiske eller administrative konsekvensar utover
det som allereie er konsekvensar av omorganiseringa av regional stat.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon