Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.5 (2003-2004)
Innstilling fra justiskomiteen om lov om endringar i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinka betaling m.m. (gjennomføring av direktiv 2000/35/EF av 29. juni 2000 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)


oversikt første forrige neste

2. Bakgrunnen for lovforslaga

       Ulike undersøkingar har vist at forseinka betaling er eit stort problem for verksemder i Europa, særleg for små og mellomstore verksemder. Dette er bakgrunnen for at det er vedtatt eit EU-direktiv om tiltak mot forseinka betaling i handelshøve. Direktivet har som føremål å innføre likare reglar om forseinka betaling i handelshøve innanfor EU-området og gjennom dette medverke til at betalingsmoralen blir betre.

       EFTA-landa si vurdering var at direktivet fell utanfor EØS-avtalen sitt verkeområde slik EØS-avtalen er i dag. Spørsmålet om direktivet likevel burde innlemmast i EØS-avtalen på frivillig grunnlag vart sendt på høyring av Justisdepartementet i februar 2001. Høyringsinstansane var i hovudsak positive til gjennomføring av direktivet som no er foreslått innlemma i avtalen. I St.prp. nr. 80 (2002-2003) vart Stortinget invitert til å gje sitt samtykke til EØS-komiteen si avgjerd.

       Justisdepartementet sendte i mars 2003 forslaga om endringar i forseinkingsrentelova på høyring.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon